Home   >   Nyhende   >   Full klaff for Fjordblues

Marie Kristin Dale var blant artistane som imponerte mest

Full klaff for Fjordblues

Tre dagar med blues på Sandane. Godt publikumsbesøk, god stemning, flott musikk. Slik vart årets festival.

Det var absolutt stor stemning laurdag då bluesmusikken for alvor inntok Sandane og Gloppen Hotell.

Godt besøk
Det skjedde for 18. gong. Det var blues både på scena i kjellaren og i Toppfoss i hovudetasjen. Det var trongt om plassen og jamt over mange par på dansegolvet. Ikkje berre lokalfolk men også mange tilreisande hadde teke turen for å lytte til blues frå øvste hylle, for øvste hylle er det absolutt. Det skriv Arve Reistad frå Vestnes i Romsdal under på utan å blunke. Han har vore fast gjest på Fjordblues dei siste 5-6 åra. Han reiser rundt på alle bluesfestivalane her til lands, og rett som det er også til utlandet. Arve kan blues.

– Drivkrafta vår er først og fremst musikkinteressa vår og eit ønskje om å arrangere konsertar med gode artistar for folk lokalt. Den største motivasjonen er dei gode tilbakemeldingane vi får. I år er det ekstra mange tilreisande. Det er veldig kjekt, seier leiar i Fjæra Bluessklubb, Hans Andenæs.

Les meir i måndagsavisa.