Home   >   Kultur   >   Fugletribunalet kjem heim til Vestlandet

Fugletribunalet kjem til Sogn og Fjordane teater, og til Trivselshagen den 26. september. Foto: Sogn og Fjordane Teater.

Fugletribunalet kjem heim til Vestlandet

Agnes Ravatn har ikkje berre flytta til Vestlandet sjølv, no har også Fugletribunalet reist over dei høge fjella og blir opningsframsyninga av haustsesongen på Sogn og Fjordane Teater.

1. september står Anne E. Kokkinn og Kyrre Eikås Ottersen på scena, saman med tre dansarar som utgjer Fugletribunalet. 26. september kjem Sogn og Fjordane Teater med Fugletribunalet til Sandane.

– Dirrar av løyndomar

– Innerst i denne historia finst ein thriller, eit drama som dirrar av løyndomar. Det er desse løyndomane som lokkar meg til å lage teater av Agnes Ravatn sin roman, seier regissør Trond Lie.
– Vi har leita fram dialogen mellom dei to. Dei kjem frå kvar si verd. Han er mann. Ho er kvinne. Sigurd Bagge har dette typiske vestlandslynnet. Traust. Tilbakehalde. Men med kjenslene rett under huda, sterke og levande. Så kjem Allis Hagtorn. Frå byen. Frå ei anna verd. Kven er ho? Litt etter litt forstår Bagge at Allis ber på ei skam, utdjupar Lie.

Gjeld oss alle

– Eg er veldig begeistra for denne forteljinga. Eg opplever at romanen til Ravatn kommuniserer noko som gjeld oss alle. I bearbeidinga av romanen opplever vi at kvar situasjon, kvar scene kan bety to ting. Minst! Forteljinga blir som eit abstrakt måleri, og det er opp til den som ser å sjå kva som finst i bildet. På same tid er det ei intens spenning i dette tolkingsrommet. Kva er det eigentleg som har hendt? Korleis kjem dette til å gå? Meir enn enkle svar får publikum servert spennande spørsmål.

Fekk romanpris

Agnes Ravatn understreka noko av det same i eit intervju med NRK etter at boka fekk P2-lyttarane sin romanpris i 2014.

– Eg har ikkje ein bestemt bodskap eg vil gje lesaren. Planen var å plassere to menneske i eit lukka geografisk miljø og sjå kva som skjedde. Allis Hagtorn er ei negativ utgåve av meg sjølv. Ho er feig. Oppteken av status. Så blir ho viljelaust forelska og fanga i den psykotiske drivkrafta slike kjensler set i spel. Ein kan bli sinnsjuk i gjerningsaugneblinken av å vere forelska!

– Den gode historia

Teatersjef Bodil Kvamme ser spent fram til premieren på Fugletribunalet.

– På Sogn og Fjordane Teater skal vi fortelje den gode historia, og dette er ei god og sterk forteljing som har alle element i seg for å skape ein spennande kveld for publikum, seier teatersjefen.

Medverkande skodespelarar: Anne E. Kokkinn og Kyrre Eikås Ottersen. Dansarar: Anne Guri Tvedt, Atle Hoff, Stephanie Mowinckel. I turnéperioden vert det også spelt 14 framsyningar av Fugletribunalet i Den kulturelle skulesekken for vel 3.000 elevar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.