Det vart ein uvanleg tannlaus og tam budsjettdebatt i Formannskapet tysdag

Fråverande budsjettdebatt

Rådmann Ellen Jensen har enten gjort ein fantastisk god jobb, eller så vil politikarane skubbe problema føre seg så lenge som mogeleg. Formannskapet let budsjettet passere med klapp på skuldra til rådmannen.



-Statsbudsjettet slår dårleg ut for oss og vi misser eigedomsskatt på verk og bruk, mellom anna, sa ordføraren som såg mange utfordringar i økonomien framover. Så gav han ordet til eit formannsskap som kappast om å rose rådmann og administrasjon for godt og grundig budsjettarbeid.



Alvorleg

Det var eit ord som gjekk att i det vesle som kom av kommentarar til budsjettet.

-Det er alvorleg å måtte kutte nesten ti millionar. Vi har over tid hatt mindre inntektsauke enn løns- og prisvekst. Dette får konsekvensar og eg vil i utgangspunktet støtte rådmannen sitt framlegg til budsjett, men vil bruke tida fram til kommunestyremøtet for å sjå om det er ting som kan endrast på, sa varaordførar Jakob André Sandal (Sv).

-Eg har stor medkjensle for dei dette råkar sa Anders Kristian Sægrov (H) med adresse til dei som blir omfatta av dei varsla personalkutta på 20 årsverk. Også Sægrov gav ros gav  til administrasjonen for budsjettarbeidet.



Ville sjå på legekontoret

Judith Kapstad (V) tykte også det var trasig med alle kutta, men ho var klar på at det må gjerast.

-Går det an å drive kulturskulen billegare, eventuelt i samarbeid med Førde, og går det an å integrere dirigent for skulemusikkane i kulturskulen ? spurde ho.

Men så stilte ho spørsmålet som kanskje fekk kaffien til å setje seg fast i halsen på somme.

-Treng vi alle legane? Pasientgrunnlaget tilseier eigentleg berre to legar i Jølster, og det vil neppe endre seg. Mange, spesielt i Vassenden-området brukar legetenester i Førde fordi det er mest praktisk. Og når det gjeld helsestasjonen, så må vi kanskje også sjå på den, sidan den vil få mindre grunnlag framover, sa Kapstad.

Det kom ingen kommentarar til dette, merkeleg nok, men ordføraren avrunda den vesle debatten med å mane politikarane til å stå samla når budsjettet skal spikrast 12. desember.



 

Rådmann Ellen Jensen fekk budsjettet sitt gjennom formannskapet utan at så mykje som ei krone vart flytta på.
Alvorleg var eit ord som gjekk att. Her ser vi Igri Søyland og Tom Erik Sandal (SP) og varaordførar Jakob Andre Sandal (Sv) som med alvorleg mine studerer dei harde fakta.
Judith Kapstad (V) ville sjå på bemanninga på legekontoret.