Framleis i uvisse

Den såkalla brukarundersøkinga om kommunereforma i Nordfjord gjev ingen klare svar, men gjer oss kanskje litt klokare om kring alternativa som no virrar i lufta. Det er som venta inga hallelujastemning for kommunesamanslåing, men motstanden verkar kanskje mindre enn ein skulle tru. Så må det understrekast at dette ikkje er noko folkerøysting, og at mange føresetnader ikkje er avklara. Det går likevel an å lese eit ganske tydeleg bilete, så langt som ein ser det akkurat no.

Viss det skal bli ei endring i kommunestrukturen, er Nordfjord inga einsarta og naturleg eining, og tanken om eit samla Nordfjord som ein storkommune kan vel nesten seiast å vere daud og gravlagt etter denne undersøkinga. Glopparane vil helst vere i lag med eidarane og vise versa, det same gjeld stryningar og honndøler, og på kysten er det Vågsøy og Selje som blunkar til kvarandre, medan Bremanger klart og tydeleg vil stå åleine med alle kraftpengane sine.

Vi trur det mest innlysande er at Stryn og Hornindal går saman til ein kommune, det har lege i korta lenge. Det er også nokså sannsynleg at Selje og Vågsøy finn saman, medan tilhøvet mellom Eid og Gloppen er meir uavklara. Først og fremst på grunn av det katastrofale E39-vedtaket, og den uvissa som framleis er knytt til brusaka. Etter vårt syn er det heilt uaktuelt å slå saman to kommunar bunde saman med ei ferje eller to, det vil same korleis ein snur på det vere å gå baklengs inn i framtida. Så utan bru vert det inga samanslåing med Eid. Utover det har dei to kommunane mykje til felles og kan fungere saman.

Det som i utgangspunktet overraska oss mest er kor svakt alternativet sørover kjem ut. Heile 70 prosent avviser å snu seg mot sør. Men dette er også ei situasjonsbetinga vurdering. Folk flest har nok i tankane storkommunen som kan gå heilt ned til Solund og Hyllestad, i tillegg til byane Florø og Førde, og at Gloppen rett og slett kan drukne i eit så stort selskap. Det som i dag tykkjest langt meir sannsynleg er at Flora fell i frå saman med sognekommunane, slik at ein kan bli ståande igjen med Jølster, Førde, Gaular og Naustdal. Det vil evt. kunne gje Gloppen ein heilt annan posisjon, som er langt meir eteleg for innbyggjarane her.

Det er mange faktorar som er ukjende og som vil bli medverkande når dei endelege vala skal gjerast. Det er mange rundar som skal gåast, enda veit ein faktisk ikkje kva oppgåver som skal tilførast evt. større kommunar eller kvad ei økonomiske føresetnadene vert. Det som har kom til no har vore tynt og ikkje imponert noko. Verre er det at tidspresset er så hardt at det er uforsvarleg i ei så omfattande og stor reform, som vil få konsekvensar for svært mange innbyggjarar i dette landet. Difor er det uvissa som rår, og stadig fleire tur at heile reforma i stor grad vil stoppe opp.

Difor er ikkje denne undersøkinga verdt all verda, anna enn som ei stadfesting på mykje av det ein visste.