Bente Axelsson trivst godt i lag med traktorar og andre grove reiskapar. Og frå fjøsen har ho også ei utsikt som ikkje er å forakte.

Frå Tyskland, via Sørumsand og Hallingdal til Sanddalen

I den desidert største og nyaste fjøsen i Sanddalen, finn vi Bente Axelsson. Ho er ein av mange innflyttarar i grenda, og ho var mellom dei første av nye fjes som dukka opp frå tusenårsskiftet og utover.



Bente er utdanna veterinær og kom til Sanddalen i lag med mannen, Ole-Johan Norddal, i 1999. Også han er veterinær og hadde overteke bruket til ein slektning. Dei to kom til Sanddalen for å satse på landbruk, og slik vart det.

Frå bås til lausdrift

Dei kom til eit bruk med mjølkeproduksjon i ein eldre båsfjøs. I denne dreiv dei nokre år, kombinert med ein del veterinærpraksis ved sida av. Bente praktiserte ein periode som veterinær i Jølster, før ho kom inn i Mattilsynet der ho har hatt ulike rollar. Ho har òg vore inn om Tine som rådgjevar. I fjor bestemte ho seg for å bli bonde på heiltid og ta over den daglege drifta av den nye robotfjøsen som sto ferdig i 2016.

Då vi var på besøk ein småkald vintermorgon, var budeia nett ferdig med morgonstellet i fjøsen og var klar for omvising i den flotte «mjølkefabrikken». Der har ho 42 mjølkekyr pluss ungdyr å halde styr på, og totalt 101 munnar å mette. Men i den moderne og lettdrivne fjøsen går det greitt så lenge teknologien fungerer. Og om det skulle skje at noko av elektronikken eller mekanikken sviktar, så kvir ikkje Bente seg for å reparere. Ho handterer store maskiner som ingen ting.

– Eg er nok litt det som blir kalla gutejente. Eg tykkjer det er kult å meistre store maskiner, og her får eg stadig tekniske utfordringar, smiler ho og peikar på ein av traktorane utanfor fjøsen.

Den brukar ho til å legge rundballar i fôrmiksaren med.

Einsamt yrke

Bente Axelson er klar på at det er viktig å engasjere seg også utanom fjøsen, i det ho karakteriserer som eit einsamt yrke. Det har ho gjort på mange vis. Det handlar om tre år som bondelagsleiar, ho har sunge i kor, vore aktiv i grendelaget og i produsentlaget, der ho nett har overteke leiarklubba.

– Vi vart frå dag éin godt mottekne og inkluderte i samfunnet, noko som sjølvsagt er kjekt. Men skal ein skape samfunn og fellesskap, må ein også vere villig til å bidra, og det er gjevande, seier Bente som legg til at dei heile tida har opplevd at naboar og andre har ønskt at dei skulle få til satsinga si på jordbruk i Sanddalen.

– Det er viktig å vere opne for andre sine draumar og visjonar, er bodskapen frå Bente som brukar mykje av dagen i fjøsen, spesielt i den hektiske kalvingsperioden om hausten.

Alt i alt skal det bli 43 kalvingar denne sesongen. Når det er gjort, er det 59 kyr og kviger som kan inseminerast, noko Bente ordnar sjølv. Ho tek seg også av det veterinærmedisinske i fjøsen.

Samfunnsslave

– Livet som bonde har gjort noko med meg, eg ser på mange ting frå ein annan vinkel enn tidlegare. Eg føler meg absolutt privilegert som får drive med dette, sjølv om eg på ingen måte blir rik på det. Eg har også kutta ut det som måtte vere av draumar om å reise meir. Eg er på mange måtar det du kan kalle ein frivillig samfunnsslave, seier Bente og legg til at for henne er fjøsen både hobby og arbeid.

– Bur det ein liten filosof i deg?

– Ja, eg er nok litt filosof, svarer budeia som har funne ut at ho arbeider i eit yrke der klappen på skuldra må ordnast sjølv, ingen andre gjer det, og der ei investering på 10-12 millionar ikkje bør gjerast utan at det ligg ei genuin interesse for bondeyrket i botnen.



Omflakkande

Med genar frå Sverige, noko etternamnet røper, fødd i Tyskland, oppvaksen på Sørumsand og med ein periode i Hallingdal, er Bente som ein nomade å rekne. Ein nomade som no har slege opp teltet for siste gong, om vi skal tru henne.

– Eg har nok flakka litt rundt, ja. Då eg studerte veterinærmedisin i Tyskland, arbeidde eg på eit stort mjølkebruk ved sida av. Men før eg reiste til Tyskland var eg avløysar på Orderud gard for å skaffe meg praksis. Der arbeidde eg då i lag med Per Orderud, mannen som seinare vart dømd i Orderud-saka, ei av dei mest omtala kriminalsakene her til lands.

Det var under studiane i Tyskland at ho trefte han som etter kvart skulle bli ektemann og partner. Saman har dei to born, ei jente på 14 og ein gut på 17 år. Den eldste tek utdanning innan naturbruk på Mo, der faren er lærar.

– Vil han ta over bruket, så er det fint, men han vil ikkje bli pressa. Vi har lagt til rette for at han kan gjere det, og så får vi sjå.

Grendane treng jordbruk

Bente Axelsson er klinkande klar på at det er jordbruket som er skuld i at det bur folk i grendene, og at om det skulle bli slutt på denne næringa, er avfolking neste trinn. Men budeia er optimistisk både når det gjeld næringa si framtid og utsiktene for eiga inntekt.

– Inntektene vil stige, men veldig sakte. Eg ser på faglaga som sentrale i rolla som ambassadørar for landbruket, men vi har ei utfordring med å forklare denne næringa utan å verke sutrande.

– Har du sett noko til bygdedyret etter at du kom til Jølster?

– Nei eg har ikkje det. Som sagt er vi blitt veldig godt mottekne, avsluttar Bente som har ein mjølkekvote på 300.000 liter som skal fyllast.

Det har den driftige dama planar om å klare neste år.

 

 

I fjøsen er det kurasen Jersey som gjeld. Bente har plass til 47 «jenter», som ho yndar å kalle kyrne sine. Med så mange dyr og så mange kalvingar, er det greitt å kunne ta veterinærjobben sjølv.