Rådmannen set salet av Byrkjelo barnehage på vent til tingingane med Magnus Willumsen er ferdige. Det reagerer Ola Sundt Ravnestad (biletet) og Olav Fuglestrand sterkt på.

Frå null interesse til kamp om Byrkjelo barnehage

Magnus Willumsen var ein av dei interesserte kjøparane. Han leverte inn eit bod langt under takst og vart invitert til formannskapet der han opplyste om bakgrunnen og planane han har.

To nye bod
Han fortalde at han ønskjer å bruke Byrkjelo barnehage i samband med eit tilbod til vanskelegstilt ungdom, noko formannskapet såg positivt på.

Det vart ikkje gjort noko politisk vedtak, men rådmann Jan Kåre Fure fekk i oppdrag å tinge om pris med Magnus Willumsen. Men så kom to nye partar på bana med kort mellomrom. Den eine var Ola Sundt Ravnestad og Olav Fuglestrand. Dei er i ferd med å skipe eit eige selskap. Den andre parten var Eventyrbygg Gloppen ved Jarle Egge. Det har skapt forviklingar.

– Eg bad meklaren om å avvente på grunn av drøftingane med Willumsen etter formannskapsmøtet, men eg burde ha vore tydelegare og ikkje opna for bod, seier Fure og tek sjølvkritikk.

Les heile saka i fredagsavisa.