Frå korps til fele og trekkspel

For første gong på mange ti-år må fleire krinsar i Gloppen greie seg utan feiande korpsmusikk i 17. mai-toget. Det kunne vi fortelje om i førre avis. Då gjekk leiarane i dei tre av dei fire korpsa vi har i Gloppen, Sandane Skulekorps, Breim Skulekorps og Gloppen Janitsjar, ut og fortalde kvifor. Vi kan ikkje bruke ord som tragisk eller katastrofe, men trist. Det er det utan tvil.

Dei to skulekorpsa har no så få medlemmer at dei har slått seg saman for å takle spelinga 17. mai. I Breim tel korpset berre 13 musikantar og på Sandane berre 15. Å rekke over heile det tidlegare spelprogrammet med eitt korps mindre ville vere ei nærast umogeleg oppgåve.

Gloppen Janitsjar er Gloppens hovudkorps. Det er her skulemusikantane skal ende når dei er ferdige i skulekorpsa, men når skulekorpsa lir under manglande rekruttering, forplantar det seg til janitsjaren. Her går snittalderen opp år for år. I førre avis fortalde leiaren Vigdis Henden at ikkje alle medlemmene lenger er i stand til å gjennomføre eit omfattande 17. mai-program.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.