Home   >   Kultur   >   Frå Chicago til Gloppen med fengslande bluesrytmar

Nick Moss Band frå USA er eit bluesband i verdsklasse. I helga spelte dei under Fjordblues.

Frå Chicago til Gloppen med fengslande bluesrytmar

– Folk dansa veldig formelt. Eg følte eg ikkje gjorde jobben, men var dei ”happy”, så er eg ”happy”, seier Ian Siegal rett etter at han er gått av scena.

Og publikum var ”happy”, men kanskje litt stivare i forma enn britiske Siegal er van med når han spelar for publikum. I lokal målestokk var det likevel absolutt stor stemning laurdag då bluesmusikken for alvor inntok Sandane og Gloppen Hotell.

Godt besøk

Det skjedde for 18. gong. Det var blues både på scena i kjellaren og i Toppfoss i hovudetasjen. Det var trongt om plassen og jamt over mange par på dansegolvet. Ikkje berre lokalfolk men også mange tilreisande hadde teke turen for å lytte til blues frå øvste hylle, for øvste hylle er det absolutt.

Det skriv Arve Reistad frå Vestnes i Romsdal under på utan å blunke. Han har vore fast gjest på Fjordblues dei siste 5-6 åra. Han reiser rundt på alle bluesfestivalane her til lands, og rett som det er også til utlandet. Arve kan blues.

– Programmet dette året inneheld mykje av min favorittmusikk. Det har alltid vore mange gode artistar under Fjordblues, og særleg er det bra i år, seier Arve Reistad. Han såg spesielt fram til å høyre Nick Moss Band frå USA, hovudartisten dette året. Det er eitt av dei heitaste bluesbanda i verda i dag.

Les meir i papirutgåva måndag.