Dag Fosstvedt (87) har i ei årrekkje gjort ein stor frivillig innsats på mange område. Måndag vart han heidra med kulturprisen.

Fosstvedt tildelt kulturprisen

Det var nestleiar i kultur- og miljøutvalet, Dagfinn Nyhammer, som delte ut kulturprisen i forkant av kommunestyremøtet måndag.

Har jobba utrøytteleg
– Dag Fosstvedt er ein svært beskjeden mann. Når det gjeld sakene han brenn for, er han derimot framoverlent og til stades fullt og heilt. Han har vore ein viktig del av aktivitetslivet og ”velferdsmiljøet” i heile si tid på Sandane, og det er for denne innsatsen han får kulturprisen. Ein forbind han kanskje ikkje med store og vidløftige prosjekt, men han er ein person som likevel har jobba utrøytteleg med lags- og kulturprosjekt, nærast dag og natt, og i det stille, sa Nyhammer.

Innan idretten har han lagt ned tallause timar for friidrett og orientering, først i Fjellhug/Vereide IL, seinare i Gloppen FIL.

– Han har vore leiar i friidrettsgruppa i Fjellhug/Vereide, og har vore ein viktig person ved alle arrangement, anten som stemneleiar eller som vanleg funksjonær, peika Nyhammer på.

Les meir om kulturprisen 2014 i onsdagsavisa.