Gong på gong kom Florø altfor lett gjennom GHK-forsvaret.

Forsvarsfeila florerte

GHK-damene scora 26 gongar mot Florø laurdag ettermiddag, men det blir ikkje poeng når forsvaret ikkje fungerer.

Heimelaget opna bra, gjekk opp i 2-0, men derifrå og ut var det Florø som styrte kampen. Kvar gong glopparane nærma seg og det vart tent eit håp om poeng, glapp det i forsvar.

- Det seier seg sjølv at 34 mål bakover er for mykje på heimebane. Det blir for mange enkle forsvarsfeil, konstaterte GHK-trenar Øyvind Indrebø rett etter kampslutt.

Les meir i papirutgåva måndag.