Dei lukkast å kome til semje om budsjettet. Nærast rådmann Jan Kåre Fure og ordførar Anders Ryssdal. Dei andre f.v.: Ola Tarjei Kroken (Ap) (ståande), Arnfinn Brekke (KrF), Anniken Rygg (H), Ragnar Eimhjellen (V), Hege Lothe (SV), Per Jarle Myklebust (Sp) og Edgar Kvernevik (SD).

Forhandla seg fram til semje om Hetlebakkane bustadfelt

Det blir sett av 12 mill. kroner til bustadfelt i Hetlebakkane, men det skal leggjast fram sak om oppstart, prosjektkostnad, tomtepris og kartlegging av interessa som eiga sak.

Slik lyder punktet om den mest debatterte saka då kommunestyret handsama budsjettet for 2015 og økonomiplanen fram til 2018. Om dette er meir enn ei sterk viljeserklæring står att å sjå.

Hetlebakkane i fokus
Budsjettdebatten var udramatisk og sakleg og føregjekk i ein god tone, ikkje prega av dei store motsetningane som var i fjor, men med dei vanlege hjartesukka over at dei statlege overføringane er for små. Gjennomgåande vart det slått fast at Gloppen har gode tenester og er ein god kommune å bu i, og at 2015-budsjettet i store trekk er ei vidareføring av 2014. Det låg med andre ord ikkje særleg dramatikk i lufta sjølv om krybba er så godt som tom.

Nokre saker kom i framgrunnen. Særleg gjaldt det Hetlebakkane bustadfelt som krev 12 mill. kroner i investering. Partia KrF, Venstre, Høgre og den uavhengige representanten Sjur Atle Austrheim presenterte eit felles framlegg om å løyve 12 mill. kroner, men knyte oppstarten til at det vert selt fire tomter først. Det ville sikre inntekter store nok til å handtere kostnadene dei første åra.

Les heile referatet frå budsjettmøtet i onsdagsavisa.