Bygget med flatt tak i framgrunnen skal gjerast om til internat, slik at alle elevane ved Nordfjord folkehøgskule blir samla inne på skuleområdet.

Folkehøgskulen samlar alle elevane på skuleområdet

– Når vi likevel må leggje nytt tak på Midttunet, har vi bestemt oss for å byggje på og gjere det om til internat. Det har vi trong for, seier driftsleiar Olaf Bjørn Tystad ved Nordfjord folkehøgskule.

Den tradisjonsrike folkehøgskulen på Vereide har lenge hatt sprengd internatkapasitet. Fleire elevar har dei siste åra budd i rektorbustaden og to andre einebustader som skulen har kjøpt. No skal det bli ein slutt på dette.

– Den aller viktigaste effekten ved å byggje på Midttunet, er at vi får samla alle elevane inne på skuleområdet. Det er ein stor fordel med omsyn til sikkerheita, seier Olaf Bjørn Tystad.

Det er snart 50 år sidan Midttunet, bygningen som står nedst på skuleområdet og har flatt tak, vart sett opp. Taket har vasskader og skal skiftast med eit mønetak. Skuleleiinga har bestemt seg for å nytte høvet til å gjere om bygget som i dag inneheld to klasserom, grupperom og lager, til internat med 20 sengeplassar.

Les heile saka i papirutgåva måndag.