Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – Folk vil framleis ha bøker

Årets mammutsal er akkurat opna. Innkjøpsansvarleg for bøker ved Eikenæs Libris, Ragnhild Gimmestad, legg ut dei siste bøkene som skal på sal.

– Folk vil framleis ha bøker

– Vi har ikkje merka så mykje til papirdauden enno, folk vil ha bøker, meiner Ragnhild Gimmestad hos Eikenæs Libris på Sandane. Måndag morgon opna bokhandelen dørene for det tradisjonsrike Mammutsalet.

Over 800 titlar er tilgjengelege i katalogen på det som er bokbransjen sitt faste store vintersal. Her finn du det meste – bestseljarar, smale skjønnlitterære titlar, klassiske barnebøker, historiske verk, populære strikkebøker og sakprosa.

Fleire tingar på nett

Då Firda Tidend kika innom nokre minutt etter opninga av bokhandelen måndag, var dei første kundane på plass mellom haugane av bøker.

– Mammutsalet er framleis viktig. Det er veldig etablert, og mange har eit forhold til det. Når det er sagt, har bokbransjen, til liks med resten av varehandelen, fleire sal fordelt utover året. Det er kanskje ikkje så stort som det var, men det held stand, fortel Ragnhild Gimmestad, som er innkjøpsansvarleg for bøker ved Eikenæs Libris.

Ho fortel at det er blitt meir vanleg å tinge dei mest etterspurte bøkene på nett enn før. Då risikerer ein ikkje at noko ein hadde tenkt å kjøpe er utselt når ein kjem seg til bokhandelen.

Bøker frå eige lager

I tillegg til Mammutkatalogen, har bokhandelen lagt ut ein del godbitar frå eige lager.

– Folk må nesten berre kome og sjå. Det er ikkje alt som står i katalogen. Vi har noko for ein kvar sak, og det meste er flotte innbundne bøker. Vi har også ein del «bokpakkar» til sals, fleire bøker av same serie, forklarer Gimmestad.

Mammutsalet varer i tre veker.