- Det må gjøres mer for å få ned tallet på barn som fødes utenfor sjukehus, mener Björn Gunnarsson, stipendiat i Stiftelsen Norsk Luftambulanse. (Foto: Fredrik Naumann/Felix Features)

– Fleire vert fødde utanfor sykehus

Kvart år vert 400 born fødde utanfor sjukehus. Dødeligheten for desse barna er over dobbelt så høg som for dei som vert fødde sjukehus, viser ny forsking frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse (SNL).

– Dei kjem til verda i ambulansar, privatbiler og taxiar på veg til sjukehus. Eller heime på badegolvet. Norge har 50 fødeinstitusjoner medan ni prosent av norske kvinner bur ein time eller meir unna ein fødestad. Over dobbelt så mange som for 30 år sidan føder i dag utanfor sjukehus skriv SNL.

– Sentralisering av fødeomsorg er ein god ting. Det er mykje tryggare å føde i Norge enn for 30 år sidan, men mange har lang reiseveg til fødestaden. Ikkjeplanlagde fødslar er derfor ikkje alltid mogleg å hindre, slår stipendiat Björn Gunnarsson i Stiftelsen Norsk Luftambulanse fast.

8. desember disputerte han for doktorgraden og presenterte funn om risikoen knytt til å føde utanfor sjukehus. I avhandlinga «Unplanned out-of-institution births: Incidence, outcome, and prediction of imminent childbirth» har Gunnarsson og forskerteamet hans analysert materiale frå Medisinsk fødselsregister frå 1999 til 2013.

– Eitt av de viktigaste funna vi har gjort, er at dødeligheten for barn født utanfor sjukehus er over dobbelt så høg som for dei som vert fødde på sjukehus. Dette er et tema som har fått lite merksemd i Norge. Vi må sette fokus på fødslar utanfor sjukehus og prøve å finne ut korleis vi kan få tallene ned, seier Gunnarson.

Flest ikkjeplanlagde fødslar i distrikts-Norge
Over 6 000 barn er dei siste 15 åra blitt født utanfor sjukehus i Norge – i gjennomsnitt over 400 årleg. Det er nesten dobbelt så mange som i 1980.

– Dødsårsakene varierer. Det handlar sjeldan om systemsvikt i prehospital kjede. Naudsynt utstyr og personale var tilgjengelig. I de fleste tilfelle var dødsårsaken knytt til infeksjonar, prematuritet, sjukdom i morkaken, og fordi mor ikkje søkte etter naudsynt medisinsk hjelp, seier Gunnarsson.

Forskninga til Gunnarsson syner at fleirtalet av dei som føder uplanlagd utanfor sjukehus, bur i distrikts-Norge og er unge kvinner som har født fleire barn.

– Å bu avsides medfører ofte lang reisevei mellom heim og fødeinstitusjon, og risikoen for å føde før man rekk fram til fødeinstitusjon er derfor større. Samstundes er fødselen ofte særs rask hos ei som har født tidlegere, seier Gunnarsson.

Likevel meiner han at sentraliseringa av fødeomsorga har vore både fornuftig og naudsynt.

– Sentraliseringa har gitt større og meir spesialiserte fødestader og auka ekspertise, som igjen har resultert i at dødeligheten for barn født på institusjonar har gått ned år for år, fortel Gunnarsson.

Han meiner det no må gjerast meir for å få ned talet på born som vert fødde utanfor sjukehuset utan at det er planlagt.

– Vi må sette auka fokus på fødslar utanfor sjukehus og prøve å finne ut korleis vi kan få tala ned.