Home   >   Nyhende   >   Fleire måtte sette igjen last

Overhenget bak på semitraileren gjorde at underkøyringshinderet ikkje var etter gjeldande krav. Trucken måtte settast av før bilen kunne køyre vidare. (Foto: Statens vegvesen)

Fleire måtte sette igjen last


Ein varebil måtte laste av 700 kg og ein semitrailar måtte sette igjen ein truck før dei kunne køyre vidare frå ein kontroll på Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Kjøs søndag.

Den bakmonterte trucken var ikkje montert med underkøyringshinder slik det er krav om.

Denne varebilen hadde lasta inn 700 kg for mykje, og måtte laste av før han fekk køyre vidare.
(Foto: Statens vegvesen)

I tilegg fekk fire førarar bruksforbud fordi dei hadde for mykje hengande i frontruta, og først når dei hadde rydda fekk dei køyre vidare.

To førarar fekk skriftlege åtvaringar for mindre brot på køyre- og kviletida.