– Det er eit tidsspørsmål før liv går tapt. No må noko gjerast, seier Jon G. Eide om den smale E39-strekninga forbi bruket hans på Eide.

– Flaks liv ikkje har gått tapt

– Det er ikkje eit spørsmål om, men når nokon kjem til å miste livet i ei ulukke her, seier Jon G. Eide. Søndag small det nok ein gong på E39 like ovanfor huset hans.

Det meste av det 79 år lange livet har Jon G. Eide budd like ved europavegen på Eide. Dei seinare åra har trafikken på vegen auka monaleg, men vegbreidda er den same som ho har vore i lange tider. No meiner han det hastar med å gjere noko med den smale vegparsellen.

– Har enda i fjellveggen

– Eg blir ikkje forundra om nokon mister livet her med det første. Dette er ein gedigen flaskehals, her er stadig bråbremsingar, rygging, tuting og små uhell, seier Eide.



Akkurat ved avkøyrsla til Eide sitt bruk smalnar vegen kraftig inn langs fjellsida. Søndag kveld small det igjen. Tre bilar var på veg i retning Breim. Dei to fremste bilane stogga for møtande trafikk, den tredje køyrde inn i bilen framfor og pressa denne fram i den fremste bilen.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.