Gjevarar og mottakar; Frå venstre tillitsvald Daniel Nedrelid, tillitsvald Helen Aasen, den glade mottakar sals- og marknadsansvarleg Martin Igland Malkenes i Redningsselskapet i Florø, HR-direktør André Høyset og administrerande direktør Dagfinn Neteland.

Fjord1 med raus julegåve til Redningsselskapet

Redningsselskapet i Sogn og Fjordane har motteke ei julegåve på 100 tusen kroner frå Fjord1. Overrekkinga skjedde måndag føremiddag i Florø.

Ein overvelda Martin Igland Malkenes er usikker på kva dei skal bruke pengane på, men administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 er overtydd om at dei finn eit eller fleire gode føremål innafor sjøtryggleik. Ei gåve til Redningsselskapet er på mange vis ei gåve til alle som ferdast på sjøen.

- Vi legg ingen føringar på kva de skal nytte gåva til, sa han under overrekkinga. Men han vil gjerne få ein rapport når Redningsselskapet har bestemt seg.

- Dette er akkurat det ein Eliasbåt kostar, filosoferte Malkenes, som vart henta inn frå juleferie og ikkje heilt var komen i jobbmodus att. Unglaga kan og vere ein verdig kandidat. Ungdomslaga er særs viktige for Redningsselskapet.

Malkenes såg ikkje særleg misnøgd ut over å bli plaga i juleferien sin. Overrekkinga var òg eit godt høve til ein prat om vidare samarbeid på fleire frontar mellom Redningsselskapet og Fjord1.

Reiarlaget Fjord1 og Redningsselskapet har også tidlegare samarbeidd mellom anna om Eliasbåten «Nordfjord1», som vart sjøsett i Florø i sommar.