Fjernar seg frå folket

Er kongehuset vårt i ferd med å fjerne seg frå store deler av folket og meir i ferd med å bli kongehus for Oslo beste vestkant? Det er eit svært viktig spørsmål å stille, ikkje minst for alle dei av oss som har hegna både om kongehuset og monarkiet. Vi må innrømme at vi er begynt å vakle i trua. Det er lenge sidan kong Olav betalte på trikken, eller kong Harald reiste til Vestlandet etter nyttårsorkanen. Der sto han i si litt for tronge boblejakke og store støvlar, og prata med vanlege folk etter tragedien. Men det er ikkje lenge sidan kronprinsfamilien ferierte på ein luksusyacht i Middelhavet til ein pris på over to millionar kroner i veka. Dette toppar fleire saker om ganske ekstravagante og dyre vanar som dei unge kongelege har lagt seg til. Og då snakkar vi ikkje ein gong om engleskular og andre merkelege fenomen.

No har sjølvsagt dei kongelege, som alle andre, ein klar rett til sitt eige privatliv og å skjerme om dei nære ting. Men det er like naturleg også knytt offentleg interesse til det dei driv med og korleis det vert finansiert. Vi er alle med og betaler for gildet gjennom statsbudsjettet, det er for at dei som står aller øvst på vår rangstige skal sleppe å vere avhengige av private aktørar og sponsorar som kan utnytte dei til spekulative føremål. Då vi og krevje openheit i saker der det er snakk om store utgifter. Det held rett og slett ikkje at vi ikkje får vite kven som har finansiert ein luksusferie til over to millionar kroner for ei veke til vår kronprinsfamilie. Det einaste som vert sagt er at dei ikkje har betalt den sjølve. Kven har då gjort det, og kva er eventuelt gjenytinga. Det er vel ikkje opninga av eit nytt varehus det skal kastast kongeleg glans over denne gongen, slik det var då ei prinsesse fekk seg ny hest?

Vi har hatt stor respekt for og stor sans for kongehuset vårt, ikkje minst gjeld det kronprinsparet. Dei har både sagt og gjort mykje klokt, men signala dei no sender ut bør bekymre alle som vil ta vare på denne institusjonen. Det minner meir om ein dobbelkommunikasjon, der dei lever eit heilt anna liv enn dei forfektar. Det ser aldri bra ut. No må kongehuset rett og slett ta ei runde med seg sjølv om kva verdiar dei vil stå for, og å handle deretter. Vala kan berre dei sjølve gjere, men konsekvensane er det deira undersåttar, altså vi vanlege innbyggjarar som må ta.

Vår sans for monarkiet og kongehuset tuftar seg både på historia og den svært viktige og samlande rolla dei har hatt i skiftande tider. Dei har også på ein framifrå måte gjort heile landet til sitt. Litt pomp og prakt høyrer også med. Dessutan er ikkje alternativa med t.d. ein avdanka politikar utan makt som president særleg freistande. Difor har vi så langt og til trass for at det ikkje er spesielt demokratisk, heia på kongehuset.

No vaklar vi litt i trua. Dei må gjerne legge seg til ein livsstil heilt fjern frå folk flest. Men gjer dei det, er dei heller ikkje samlande lenger. Då har vi faktisk ikkje bruk for dei.