Fjell i fjorden

Store deler av Engebøfjellet i Naustdal skal i løpet av 50 år ende sine dagar i Førdefjorden. Dette er klart etter at regjeringa fredag gav Nordic Mining klarsignal til gruvedrift, eit svært omstridt prosjekt der kanskje siste ord enno ikkje er sagt. I så fall er det Stortinget som må gripe inn og stoppe vedtaket, noko fleire, m.a. Venstre sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn seier han vil arbeide for. Nettopp Venstre har gjort dette til ei flaggsak sentralt, det er ikkje mange dagane sidan vi såg Trine Skei Grande ta på seg boksehanskar for denne saka, og som støtteparti til regjeringa er vedtaket svært tungt å svelgje for dei.

Men regjeringa si endelege avgjerd har no falle etter åtte års debatt og mange utgreiingar. Og i motsetnad til den andre store stridssaka vi har hatt i fylket dei siste åra, E 39-traseen gjennom Nordfjord, opplever vi at statsråden står fram og forsvarer vedtaket på ein ryddig og god måte. I E 39-saka veit vi jo at departementet vart overkøyrt av Erna og avgjerda vart både presentert og forsvart på ein ynkeleg måte, noko som ikkje er tilfelle her. Det er ingen tvil om at regjeringa står samla i denne saka, som dei veit skaper bølgjer hjå støttepartiet Venstre.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.