Fiskehuldra ser fram til aurefesten i juni der ho skal stille i spesialdesigna kjole.

Fiskehuldra klar for aurefest

- Vi må få litt feminisme inn i dette, sa Helena Bremer, betre kjend som "Huldri" då ho torsdag synte fram den nye kjolen, spesialdesigna for Jølster Aurefest og laga av flaggstoff.

Heil kolleksjon
Den nye kjolen er ein del av ein etter kvart omfattande pakke av effekter med aurefesten sin logo. Frå før finst det t-skjorte, caps, sluk og pin. Nytt i år er altså denne flotte kjolen som har fått matchande øyredobbar i sølv, laga av smykkekunstnaren Anne Lise Øvrebø.
Kjolen er laga av tidlegare lærar ved Heimyrkjeskulen, Siv Kristin Flekke. Helena Bremer har vore elev der og kjem til å stille med kjolen på 70-årajubileet til skulen helga før aurefesten.
- Det går fint an å fiske med kjole og leppestift, meiner Helena som ikkje vil vere åleine med nytt antrekk under fiskekonkurransen. Det er også laga slips med same design slik at den maskuline delen av fiskarane kan stase seg opp.

Til Balejazz
Til helga tek Helena Bremer med seg kjole og premiebil til Balestrand der ho blir å sjå under Balejazz. Der skal ho reklamere for fiskekonkurransen, og ho vekte ikkje så reint lite oppstuss då ho var på Skei i dag.
Når det gjeld påmelding til aurefesten, så er den godt i rute, og ifølgje arrangørane så er mellom 300 og 400 påmelde, seks feker før det brakar laust. Målet er 1000 fiskarar og dei er allereie halvvegs til fjorårets deltaking på i overkant av 700.


[caption id="attachment_31812282" align="alignnone" width="500"]Staselege karar i arrangementskomiteen med nytt slips. F.v: Nils Einar Kjøsnes, Terje Kleveland, Finn Årdal og prosjektleiar Tom Farsund. Staselege karar i arrangementskomiteen med nytt slips. F.v: Nils Einar Kjøsnes, Terje Kleveland, Finn Årdal og prosjektleiar Tom Farsund