Tarjei Bjørkum Vereide og GHK bør flyge inn til nye sigrar i helga.

Fire poeng innan rekkevidde

GHK-herrane møter botnlaga Stord 2 og Os på bortebane denne helga. Det bør med andre ord vere gode sjansar til å sikre seg to sigrar.

Etter to strake tap slo Kjell Aske sitt mannskap tilbake med siger mot serieleiar Åsane for knapt to veker sidan. Poenga frå den kampen gjer at laget heng godt med på øvre halvdel av tabellen.

I helga går turen sørover. Laurdag står tabelljumbo Stord 2 på motsett banehalvdel. Stordabuane står med seks strake tap, men fleire av dei har vore av det knipne slaget. All den tid det også er snakk om eit andrelag, veit ein aldri kva mannskap som blir stilt. GHK skal slett ikkje ta lett på denne oppgåva, men vi er sterke i trua på at glopparane kjem ut av kampen med to poeng.

To poeng bør det òg bli når nestjumbo Os er motstandar søndag. Os står med fem strake tap og null poeng så langt, så dette kan bli ei kjekk gloppehelg i sørfylket.

GHK-damene spelar borte mot Florø tysdag. Også Florø er poenglause i haust, vi tippar Øyvind Indrebø sitt mannskap ordnar sin andre strake siger.