Illustrasjonsfoto.

Fire av ti heilt ledige i fylket har innvandrarbakgrunn

484 av 1246 heilt ledige i fylket har innvandrarbakrunn, fortel Knut Steinar Eitungjerde, assisterande direktør i NAV Sogn og Fjordane. Dette talet har vore stabilt over tid og syner at våre nye landsmenn har ein mykje svakare tilknyting til arbeidsmarknaden enn etnisk norske arbeidstakarar.

– Vi er redde for at dei over tid vert eit B-lag på arbeidsmarknaden som ikkje har økonomi til å kunne busette seg fast i fylket, seier Eitungjerde.

Frå Aust-Europa

Fordelt på land er Polen (119), Litauen (66), Slovakia (36) og Eritrea (20) dei største gruppene. Manglande norsk språk er den gjennomgåande utfordringa, og NAV ønskjer eit betre og meir systematisk samarbeid med andre offentlege instansar og bedriftene for å møte denne utfordringa.

–Vi har gode døme på at språkopplæring i regi av bedrifter, eller språk som del av ulike typar arbeidspraksis, gir gode sjansar for jobb, fortel Eitungjerde.

I Sogn og Fjordane er 1246 personar heilt utan arbeid. Dette svarar til 2,2 prosent av arbeidstyrken og er 47 færre enn i mars i fjor. Saman med Troms, har vi lågast arbeidsløyse i landet.

På landsnivå er det 81 011 heilt ledige i mars, tilsvarande 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein auke på fem prosent frå mars i fjor.

Størst reduksjon i Årdal

Over halvparten av kommunane har ein reduksjon i arbeidsløysa i mars. Størst reduksjon har Årdal med 24 færre ledige enn på same tid i fjor. Flora, med 17 fleire ledige, har størst auke i arbeidsløysa.

Gaular, med 0,7 prosent, har den lågaste arbeidsløysa i fylket. På den andre sida av skalaen finn vi Vågsøy med 5,4 prosent og Selje med 4,9 prosent.

God utvikling innan serviceyrke

Serviceyrke har størst nedgang i arbeidsløysa. Her er det 29 færre ledige enn på same tid i fjor. Helse, pleie og omsorg og barne- og ungdomsarbeid har ein nedgang på høvesvis 19 og 22 personar.

I industrien er det 28 fleire ledige enn på same tid i fjor og i bygg og anlegg 43.

I mars er det 212 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 7 fleire enn i same månad i fjor. Heile 127 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, 29 færre enn i fjor.

Auke blant innvandrarar frå ikkje-vestlege land
Innvandrar frå ikkje-vestlege land har ein auke i arbeidsløysa på sju prosent frå mars i fjor, mens innvandrar frå vestlege land og etnisk norske har ein reduksjon på høvesvis ni og fire prosent.

Færre langtidsledige

Av dei 1246 heilt ledige, har 488 søkt arbeid i over eit halvt år. Talet på langtidsarbeidssøkjarar er redusert med 116 personar, tilsvarande 19 prosent, frå mars i fjor.
– Vi er glade for at vi har ressursar til å ha mange personar i tiltak. Dette slår positivt ut for dei langtidsledige, seier Eitungjerde.

I alt 653 nye stillingar vart registrert i mars, ein auke på heile 35 prosent frå mars i fjor. Auken er størst innan kontorarbeid og helse, pleie og omsorg.