Fylkesdirektør for tannhelsetenesta, Clara Øberg, rektor Hallgeir Hansen, ordførar Leidulf Gloppestad og leiar i NAV Gloppen, Øyvind Hervik feira det nye studieløpet for tannhelsesekretærar med kake.

Firda får nytt utdanningstilbod

Fylkeskommunen opprettar i samarbeid med NAV eit nytt utdanningstilbod ved Firda vidaregåande skule. Frå hausten av tek skulen inn 12-15 elevar, som etter treårig skuleløp får fagbrev som tannhelsesekretærar.

Fylkesdirektør for tannhelsetenesta, Clara Øberg, var til stades på Firda måndag for å feire det nye utdanningstilbodet i lag med mellom andre rektor Hallgeir Hansen, ordførar Leidulf Gloppestad og leiar i NAV Gloppen, Øyvind Hervik.

Tilbod til vaksne
– Vi gler oss over å få starte opp dette nye utdanningsprogrammet til hausten. Dette er eit tilbod til vaksne elevar, og mellom søkjarane er det mange vaksne framandspråklege. Clara Øberg sa på eitt av dei første møta vi hadde at «dette skal feirast».

Initiativet har kome frå direktøren, og vi er svært glade for at ho vil leggje tilbodet til Firda, seier Hallgeir Hansen.

Les meir i papirutgåva onsdag.