Rektor Hallgeir Hansen er svært glade for at Firda vgs. får starte opp forsøk med nytt programfag i klima og miljø (Arkivfoto).

Firda får klima og miljøfag

*Først i landet med nytt programfag *Startar alt komande skuleår

– Dette er svært gledeleg. No får elevane meir enn tidlegare høve til å setje eit spennande og viktig tema på dagsorden, seier rektor Hallgeir Hansen.


I desember søkte Firda vgs. om løyve til å starte opp forsøk med klima- og miljøfag som eit nytt programfag. I førre veke fekk skulen melding frå Utdanningsdirektoratet om at søknaden var imøtekomen etter å ha vore til uttale i Kunnskapsdepartementet.

Fleire element
– For elevane betyr det at dei får høve til setje eit spennande og viktig tema på dagsorden meir enn før. Dei får tilgang på kunnskap og kompetanse dei elles ikkje ville fått, seier Hallgeir Hansen. Han er svært glad for avgjerda.

– Faget inneheld fleire element. Elevane får kunnskap om kva utfordringar klimaendringane medfører og kva vi gjer. Då er vi inne på »Det grøne skiftet» som handlar om kva vi gjer lokalt og internasjonalt for å nå måla heile verdssamfunnet har sett for å hindre temperaturveksten meir enn to grader, seier Hallgeir Hansen og konstaterer at det rett og slett handlar om vår felles framtid.

Les meir om denne saka i papiravisa onsdag 18. mai.