Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, vitja Gloppen fredag. Her saman med partiet sine listetoppar til kommunestyrevalet, Svein Ottar Sandal (t.h.) og Arnfinn Brekke.

– Firda er ein veldriven skule

– Inntrykket mitt er at Firda vidaregåande skule er ein god skule. Ungdomsmiljøet og samhaldet er veldig bra, seier Trude Brosvik.

Som gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti i fylkestinget, har Brosvik vore med på å vurdere både struktur og innhaldet i dei vidaregåande skulane i fylket. Med redusert elevtal og mindre statlege overføringar som bakteppe, må fylkespolitikarane rekne med å gå fleire rundar i saka i åra som kjem.

– Positivt for Firda

– Det som ligg inne no, er at søkninga til elevane skal bli lagd til grunn for kva tilbod som skal vidareførast. Dette bør vere positivt for Firda sin del. Skulestrukturen er bestemt, oppfyllingsgrad vil seie noko om korleis ein tek ned klassar, seier Trude Brosvik og understrekar at det er viktig for partiet ikkje å auke talet hybelbuarar unødig.

– Det som mangla i vurderingane sist, var at kvalitetsomgrepet ikkje vart sett på. Indikatorar som gjennomføringsgrad, karakterar og trivsel vart nullstilte. Det blei gale, særleg for Firda sin del som ikkje fekk utteljing på desse felta, skyt KrF sin ordførarkandidat i Gloppen, Svein Ottar Sandal, inn.

Under handsaminga i fylkestinget var Firda vidaregåande skule ein av dei skulane som vart hardast råka av kutt. Mellom anna vart den velfungerande medielinja lagd ned.

– Vi stod hardt på for Medium og kommunikasjon. Eg ser ikkje vitsen i å ta vekk det som fungerer, det er ille at den linja vart kutta, seier Brosvik og viser til det unike samarbeidet medielinja har hatt med dei andre studieretningane på Firda.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.