Ferjeskandale

Det er rett og slett ein skandale at Fjord1 planlegg å setje inn ei enda mindre og enda eldre ferje på Anda-Lote frå nyttår. Dette betyr i praksis at selskapet gjev blanke blaffen i både brukarane og eigarane sine. For reaksjonane då selskapet for ei tid sidan bytte ut ”Lote” med ”Lifjord” var unisone både frå brukarane og tverrpolitisk. Det burde dei lært av. Eit så sterkt trafikkert samband på E 39 må ha ei ferje som kan sluke unna trafikktoppar, tole litt ruskever og halde ruta. Det gjorde ”Lote”, det slit ”Lifjord” med, og om ikkje ein greier å stoppe galskapen, kjem det ei enda mindre og eldre ferje med namnet ”Årdal, då blir det berre verre. Typisk nok er det andre samband som skal ha overta ferjene, medan Anda-Lote som vanleg får særs stemoderleg behandling av Fjord1 og Statens Vegvesen. Dette til trass for at sambandet både held oppe og aukar den frå før store trafikken, det er det tredje største i fylket og mellom dei ti største i landet.

Dette må både brukarar og politikarar protestere kraftig mot. Det er rett og slett eit overgrep mot alle dei reisande på sambandet. Fjord1 gøymer seg som vanleg under påskotet om at dei er innanfor krava Statens Vegvesen har sett, og at Vegvesenet held fram med å motarbeide denne regionen er ikkje det minste overraskande. Det er vel det einaste vegkontoret som direkte motarbeider gode krefter i eige distrikt, som vil erstatte ferje med bru for å kunne utvikle regionen, og som ein faktisk kan finansiere med brukarbetaling og ferjeavløysingsmidlar fordi trafikken er så stor. Det er ein skandale som føyer seg inn i rekkja i Vegvesenet si handtering av E39-saka. Heldigvis er Fylkesmannen velsigna klar og tydeleg i denne saka. Som ho seier er dette eit prosjekt som står på eigne bein, uavhengig av andre, og vi reknar med som sjølvsagt at eit Kommunaldepartement som ivrar for samarbeid, samanslåing av kommunar og utvikling, vil støtte Fylkesmannen på dette.

Ferja er vi uansett dømde til å leve med ei tid framover, men då får styresmaktene syte for eit materiell som held mål etter dagens standard. Vegvesenet har vore altfor slakke i sine krav. Frå nyttår går eigentleg Fjord1 sin konsesjon ut, dei burde få heilt andre krav for å kunne nytt seg av sin opsjon. Og viss dei ikkje snart tek trafikkantane i dette området på alvor, må dei berre miste heile konsesjonen for vår del. Det trur vi også er den gjengse haldninga her, noko som burde smerte for eit selskap med eit stort fylkeskommunalt eigarskap. Her er ein jobb å gjere for styreleiar Reidar Sandal (Ap) og nestleiar Nils R. Sandal (Sp). Selskapet dei styrer er i ferd med å miste all tiltru på heimebane, det kan bli kostbart i lengda.

Samferdsleministeren har vore klinkande klar både på at her skal bli tjue minutts ferje og at to ferjer skal inn på sambandet. Det er sterke signal som selskapa som driftar her og eit Vegvesen som er underlagt departementet ikkje kan oversjå. Då heng det ikkje på greip å erstatte den stusslege ferja som går her med ei enda mindre. Det er ein provokasjon som folk her ikkje skal finne seg i.

Dette er ei sak som svekkar Fjord1 enda meir, og det kan fort bli eit tema i valkampen.