Ei bru mellom Anda og Lote vil tredoble trafikken og endre Nordfjord totalt, meiner styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo (Illustrasjon LMG marin).

– Ferjefri fjordkryssing vil endre Nordfjord totalt

– Det er utruleg godt å få dokumentert svart på kvitt det vi heile tida har sagt: At Nordfjordbrua trengst uansett, seier styreleiar Alfred Bjørlo.



Måndag kveld var det eit ope møte på Nordfjordeid  der Nordfjordbrua AS la fram ein rapport utarbeidd av Norconsult. I tillegg orienterte Olav Ellevset om finansieringsmodellar, og bruselskapet orienterte om arbeidet vidare.

Ei tredobling

Alfred Bjørlo er svært glad for konklusjonane i rapporten.

– Vi har fått dokumentert det vi heile tida har sagt; at ei bru mellom Anda og Lote trengs uansett kva som skjer i indre. Det er utruleg godt å få svart påkvitt, seier Alfred Bjørlo.

Den aller viktigaste konklusjonen i rapporten er at ei bru vil føre til ein trafikkauke frå dagens 1400 køyretøy (ÅDT) til 4000 – 5000.

– Bru mellom Anda og Lote vil endre Nordfjord totalt. Sandane og Nordfjordeid vil kome så tett på kvarandre at dei vil bli tvillingstader. Samhandlinga og dynamikken over fjorden vil bli heilt annleis, seier Bjørlo.

Uansett

Norconsult har også sett på konsekvensane av ei bru viss E39 vert flytta til indre.

– Sjølvsagt vil det bli ei viss trafikkoverføring, men på langt nær så mykje som ein skulle tru, seier Alfred Bjørlo og viser til at det likevel vert meir enn ei dobling. Det er fordi hovudeffekten ved ei bru styrkjer samhandlinga og utvekslinga over fjorden i så stor grad.

– Det er nettopp det som gjer Nordfjordbrua til eit så godt prosjekt. Pendlarområdet vert utvida svært mykje, og potensialet for Sandane er størst fordi Sandane med ei bru får tak i eit større arbeidsmarknadsområde.

– Det vil også Nordfjordeid, men ikkje i så stor grad, seier Bjørlo.

Finansiering

Norconsult sitt oppdrag har ikkje omfatta kostnadene. Derimot er finansieringspotensialet berekna.

– Mykje er usikkert, men eit grovt overslag viser at det er mogeleg å finansiere 2,3 – 3,7 milliardar kroner med ferjeavløysingsmidlar og bompengar, seier Bjørlo og vedgår at det er eit stort sprik. Det skuldast usikre faktorar som utviklinga i låneretna, lengda på bompengeperioden og kor mykje ferjeavløysingsmidlar prosjektet vil få.

Alfred Bjørlo trur ikkje bompengar vil avvise trafikk.

– Det kjem av at folk er vane med å betale for ferja. Dessutan er nytten ved å bruke brua så stor, seier styreleiaren. Han opplyser at dei meiner Nordfjordbrua er sjølvfinansierande dersom kostnadene ligg rundt tre milliardar.

Kostnadene

Det store arbeidet framover vert å berekne brukostnadene. Her er det store sprik alt etter konsept.

– Statens vegvesen har stipulert ei klassisk hengjebru til 5 milliardar kroner, medan vi har presentert eit konsept med flytebru ned mot to milliardar kroner. Skilnaden er enorm. I vårt arbeid har vi lagt til grunn 3 – 4 milliardar kroner, og det ser ut til å stemme. I så fall er prosjektet fullfinansiert. Det einaste staten treng å gå inn med, er ferjeavløysingsmidlar.

­– Dagleg leiar i Fosenbruene AS, Olav Ellevset orienterte måndag kveld i det opne møtet om finansieringsmåtar for eit slikt bruprosjekt, seier Bjørlo. Ellevset er tidlegare vegsjef i region vest og leiar for Ferjefri E39. Som dagleg leiar i Fosenbruene AS arbeider han for fast vegsamband frå Fosenhalvøya til Trondheim. Det er eit gigantprosjekt som er grovkalkulert til 12 milliardar kroner.

Nøytral

Alfred Bjørlo avviser kontant at Nordfjordbrua AS no har fått eit bestillingsverk på bordet.

– Eg forstår at du spør, men dette er ein absolutt fagleg, nøytral rapport som held alle kvalitetsmål. Alle modellane Nordconsult har brukt, er i tråd med det Statens vegvesen brukar i sine arbeid, og alle trafikktal er baserte på vegvesenet sine teljingar slår han fast.

Med ein så solid rapport skal bruselskapet no gå i gang med å utarbeide meir detaljerte teknisk løysingar som viser korleis brua kan byggjast, og kva dei to alternativa; hengjebru eller flytebru, vil koste.