Det blir ikkje gjort noko i den skada tunnelen i helga.

Ferje klar måndag

Det blir ferja MF Dalsfjord som skal trafikkere sambandet.
- Den kan ta 27 personbilar og skal gå etter oppsett rutetabell, fortel Anders Sæternes, ferjekoordinator i Statens vegvesen.

Statens vegvesen inngår avtale med Fjord1 om ferje på det nedlagte sambandet. Det er ikkje mogleg å få den på plass tidlegare på grunn av tilgjengeleg mannskap. Ferja går så lenge Skatestraumtunnelen er stengt.

Statens vegvesen får ikkje tilgang til Skatestraumtunnelen før tidlegast måndag.

- Det betyr at det skjer ingenting i tunnelen i løpet av helga. Måndag håpar vi å få kome inn og spyle, reinske og få betre oversikt over skadeomganget, seier fungerande avdelingsdirektør Margot Åsebø.

Ferja vil gå etter denne rutetabellen




Fra Smørhamn
mandag - fredag lørdag søndag
08:15 08:15 08:15
09:45 09:45 09:45
11:15 11:15 11:15
12:45 12:45 12:45
14:15 14:15 14:15
15:45 15:45 15:45
17:15 17:15 17:15
18:45 18:45 18:45
20:15
9 9 9


Fra Kjelkenes
mandag - fredag lørdag søndag
06:45 06:45
08:15 08:15 08:15
09:45 09:45 09:45
11:15 11:15 11:15
12:45 12:45 12:45
14:15 14:15 14:15
15:45 15:45 15:45
17:15 17:15 17:15
18:45 18:45 18:45
20:15
9 9 9