Home   >   Nyhende   >   Felleskjøpet Agri med rekordresultat

Konsernsjef John Arne Ulvan i Felleskjøpet Agri.

Felleskjøpet Agri med rekordresultat

Felleskjøpet Agri med rekordoverskot for andre år. Viktig for resultatet er ein sterk vekst i Felleskjøpet sine butikkar melder konsernet.

 – Det er gledeleg at nær alle Felleskjøpet Agri sine forretningsområde yter positivt til resultatforbetringa. Dotterselskapa våre og verksemd knytt til dei held fram med å levere solide tal. Konsernets underliggande drift er med andre ord særs sunn, seier konsernsjef John Arne Ulvan.

Konsernet Felleskjøpet Agri (Felleskjøpet) leverte i 2016 eit resultat før skatt på 431,9 millionar kroner. Det er det høgaste overskotet i konsernets 120-årige historie.

– Norske heimar kjem til å trenge mat på bordet også i framtida

Medan resultatet i 2015 var positivt påvirka av gevinstar frå eigendomsverksemda på over 100 millionar kroner, er 2016-resultatet blant anna styrket som følgje av solid drift innan fleire av konsernet sine forretningsområde.

Felleskjøpet nådde en omsetning i 2016 på 14,3 milliardar kroner, som er ein auke på 6,7 prosent frå 2015. Også det er rekord.

Felleskjøpet har lagt bak seg en femårig periode med ein omsetningsvekst på 37 prosent. Effektivisering har gitt gevinstar på nær 670 millionar kroner samanlikna med kostnadsnivået i 2011.

Sterk detaljhandelsvekst
Felleskjøpet har ei av dei mest kjende butikkjedene i landet, og har satsa medvite på å etablere butikkar nærare dei store byane og i kjøpesentra.

Salet i Felleskjøpets butikkar bidrar sterkt til vekst i både konsernets omsetning og resultat.
Felleskjøpets butikkdrift har hatt ein omsetningsauke på 42 prosent dei siste fire åra.

 – Talla stadfestar at vi lukkast med butikkonsept og marknadsføring både i byen og på bygda. Faktisk opplever vi sterkast omsetningsauke i forbrukarsegmentet. Vi har klart å etablere Felleskjøpet som ei kjend merkevare, og det gjør at stadig fleire byfolk ønsker å lære av det bonden kan, seier Ulvan.

Held posisjonen
I tillegg kan Felleskjøpet vise til solide resultat innan landbruk og maskin.
 – Til tross for tøff konkurranse, har selskapet i 2016 stadfesta sin posisjon innan fleire viktige område.  Blant anna held vi posisjonen som marknadsleiar på traktor, og vi tek ein stadig større del av kraftfôrsalet, seier Ulvan.

Fremtidsretta investeringar
Felleskjøpet har investert rundt 2,5 milliardar i norsk matproduksjon dei siste åra. I det ligg utvikling av fabrikkar, miljøvenleg teknologi, nye butikkar og landbrukssentra, samt forsking og utvikling.

I 2016 opna selskapets største kraftfôr-investering noensinne på Kambo i Moss.

 – Det nye anlegget på Kambo sikrar betre bruk av norske fôrråvarer, og vi bruker 25 prosent mindre energi per produserte tonn kraftfôr. Det sparer vi og våre 44 000 medlemmer svært mye pengar på i det lange løp. Investeringane våre handla om å skape lønsam vekst for eigarane våre, sier Ulvan.

Gjennom dotterselskapet Cernova opna Felleskjøpet en ny havremølle i Skien i 2016. I tillegg kjøpte Norgesmøllene halvparten av aksjane i Esbjerg Havnesilo, som eig 90 prosent av mjølprodusenten Valsemøllen i Danmark.

Hausten 2016 starta arbeidet med Felleskjøpet sitt nye store landbrukssenter på Romerike sør for Gardermoen. Her er det opning til våren.

På kartet
På oppdrag for Felleskjøpet gjennomførte Menon Economics i 2016 den første verdiskapings- og ringverknadsanalysen av landbruket si leverandørnæring.

Den viser at leverandørane til landbruket – altså verksemder som leverer varer og tenester til norske bønder – står for ei økonomisk verdiskaping på 12 milliardar kroner årleg.

Totalt sysselset leverandørnæringen 17.000 personar, i alle landets fylke. Leverandørnæringa yter også til fellesskapet gjennom skatteinntekter på nær 3 milliardar kroner.

 – Vi som leverer til norsk landbruk er ei moderne, produktiv og innovativ næring. Vi skaper store økonomiske verdiar, men vi står også for kompetanse, teknologi og tenester som gjer at vi har eit landbruk i verdsklassen når det gjelder trygg og sunn mat, dyrehelse, miljø og berekraft. Vi skal halde fram arbeidet med å synliggjere verdiane som landbruksleverandørane skaper.

– Norske heimar kjem til å trenge mat på bordet også i framtida, avsluttar Ulvan.