Elevane i 5., 6. og 7. klasse ved Hyen skule fekk tysdag overrekt torgsjakk av Sandane sjakklubb.

Fekk torgsjakk i gåve

Hyen skule fekk tysdag eit torgsjakk i gåve av Sandane sjakklubb. – No kan vi spele sjakk i friminutta, og det blir veldig kjekt. Sjølv om det er meininga at berre to skal spele, går det an at vi spelar fleire på lag og hjelper kvarandre, seier Matilde Aa Berge og Marit Rønnekleiv.

12-åringane sit på kvar si side av eit rastebord på skuleplassen med sjakkbrettet mellom seg. Marit spelar med dei svarte sjakkbrikkene, Matilde flyttar dei kvite.

– Vi har hatt sjakk på skulen, og eg tykkjer sjakk er moro sjølv om eg ikkje er så god enno, seier Matilde Aa Berge.

Både ho og Marit går i 7. klasse ved Hyen skule.

På bordet ved sida av sit leiar i Sandane sjakklubb, Per Arne Bakke. Han spelar mot fleire elevar.

– Sjakklubben har gjeve torgsjakk til alle skulane i Gloppen. Hyen skule er den siste skulen som får denne gåva. Firda vidaregåande skule har gjort det eg håpa dei ville gjere, nemleg å setje brettet ute slik at elevane kan spele når dei ønskjer det, seier han.

Les meir i papirutgåva fredag.

Elevane i 5., 6. og 7. klasse ved Hyen skule fekk tysdag overrekt torgsjakk av Sandane sjakklubb.