Home   >   Nyhende   >   Fekk storordre til Kina

Høgtideleg signering av kontrakten på tre nye båtar mellom Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa og Ren QiSheng, managing director i ZS Co. Ltd.

Fekk storordre til Kina


Brødrene Aa i Hyen har inngått kontrakt om levering av tre nye hurtiggåande katamaranbåtar i karbonfiber til den kinesiske marknaden. Kjøpar er Zhong Shan-Hong Kong Passenger Shipping CO-OP Co. Ltd (ZS), Kina. Båtane skal operere i farvatna mellom Hong Kong og Guangzhou i Kina.

Kontrakten gjeld konstruksjon og bygging av totalt tre båtar. To av båtane vert på 42 meter, skal ta 300 passasjerar og skal dimensjonerast for 40 knops operasjonsfart. Den tredje vert òg 42 meter lang, skal ta 230 passasjerar og skal gå 37 knop.

Brødrene Aa skal bygge totalt tre båtar. Alle tre vert på 42 meter. To av dei skal ta 300 passasjerar og yte 40 knop. Den tredje skal ta 230 passasjerar og gå 37 knop.

Båtane skal byggast og ferdigstillast ved Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Byggestart vert i november og levering til Kina skal skje i tidsrommet frå oktober 2018 til juni 2019.

– Dette representerer ein viktig leveranse for oss og vi har nådd ein viktig milepæl i arbeidet vårt med å kome inn på den kinesiske marknaden, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa AS.

Brødrene Aa fekk inn kinesiske Chu Kong Shipping på eigarsida i 2015. I dette partnarskapet inngår etablering av eit felles produksjonsselskap i Kina, samstundes som det har blitt ein døropnar for levering av ferdige båtar frå Brødrene Aa sitt verft i Hyen.

Brødrene Aa leverte sin fyrste båt i karbonfiber i 2002. Teknologi og byggeteknikk har gjennom åra blitt kontinuerleg vidareutvikla og Brødrene Aa er i dag verdsleiande innan konstruksjon og produksjon av båtar bygd i karbonfiber. Sterkare miljøfokus og auka krav frå rederia til kostnadseffektiv flåtedrift har gjort vekt til ein viktigare faktor og dermed karbonfiber til eit stadig meir aktuelt val.

– Det er på båtar i 40 knops området, med lange operasjonstider, ein verkeleg får tatt ut effekten av å bygge i karbonfiber. Lettare båtar gjev betre driftsøkonomi og lågare utslepp, utdjupar Tor Øyvin Aa. – Denne leveransen representerer eit viktig utstillingsvindauge for våre produkt overfor marknaden i Kina og Asia elles, avsluttar Aa.

Brødrene Aa AS er verdsleiande innan konstruksjon og bygging av hurtiggåande båtar i karbonfiber. Selskapet sitt hovudkontor og -verft ligg i Hyen i Sogn og Fjordane, med aktivitet i Bergen, Eikefjord, Sandane og Guangzhou, Kina. Selskapet tel totalt 170 tilsette og omsette i 2016 for 300 mill kroner.