Svein-Ottar Sandal, Anders Ryssdal og Preben Moen gledar seg over at Sandane Lufthamn er sikra.

Feira at Sandane Lufthamn er sikra

Det er full semje om å bruke tida framover til å gå laus på talmaterialet og dokumentere at Sandane Lufthamn har livets rett. Det kom tydeleg fram då Interessegruppa feira Avinor-rapporten som ikkje vil endre flyplasstrukturen.

Interessegruppa for Sandane Lufthamn inviterete til flyplasskakefest dagen etter at Avinor-rapporten vart lagt fram. I dei fire komande åra skal dagens flyplasstruktur i vårt fylke liggje fast, men Sandane Lufthamn er i ein utsett kategori når strukturen skal vurderast neste gong.

Har lytta
Leiar i Interessegruppa, Svein-Ottar Sandal, meiner Avinor har lytta til argumenta for å oppretthald flytilbodet.
- Det er flott. Det er ikkje alltid ein føler at uttaler ein legg arbeid i, vert teke omsyn til, seier han. I tida som kjem, må ein sjå nærare på talmaterialet som ligg til grunn i rapporten, og som gjer at Sandane kjem dårleg ut. Det går på kostnadene ved drifta av flyplassen og statens kjøp av flyruter (FOT-ruter).
Sandal meiner det ligg eit paradoks i at Avinor vil leggje ned flyplassar. Flyplassnettet er nemleg med på å mate trafikk til dei store lufthamnene som følgjeleg kan drivast med overskot.
- Viss ein teoretisk sett legg ned alle flyplassane rundt dei store, skulle det betre Avinor sn økonomi, men så enkelt er det ikkje, seier Sandal.

Blod og sveitte
- Eg kan berre love ein ting framover; blod, sveitte og tårer, seier ordførar Anders Ryssdal og gjer Churchill sine ord til sine. Også han meiner det må arbeidast for å dokumentere kor viktig flyplassen er. Mange bedrifter er avhengige av flytilbodet, peika han på.
Det stadfester hotellvert Preben Moen.
- Sandane Lufthamn betyr ti prosent av omsetninga, både ved at vi blir tilført gjester, og fordi Widerøe sine crew nyttar Gloppen Hotell. Vi kunne kutta fire stillingar med ein gong og gløyme å tenkje på framtidig utviding dersom flytilbodet forsvann, seier han.


Storbrukar
- Vi er storbrukar av Sandane Lufthamn, seier Erling Sande i SFE og slår fast at flytilbodet medvirkar til at SFE kan drivast meir rasjonelt.
- Skulle vi leggje inn overnattingar kvar gong våre tilsette er ute på reiser, ville kostnadene bli større og effektiviteten mindre, seier han og meiner det blir viktig å studere talmaterialet i rapporten og arbeide for eit betre rutetilbod.
Det er næringssjef i Gloppen, Knut Roger Nesdal, heilt samd i.
- Vi er dei siste som kjem til Oslo om morgonen og dei første som må reise heim, seier han. Nesdal er også imponert over innsatsen som har vore gjort for å dokumentere og argumentere for behovet for Sandane Lufthamn.

Auka kapasitet
Det kokar kanskje ned til at vi må konsentrere innsatsen mot Widerøe for å auke kapasiteten i "rushtida" og tilby betre rutetider, seier Edgar Kvernevik.
Også Jon Gimmestad har mange gonger stått på Sandane Lufthamn. Han gleda seg saman med dei andre, men åtvarar mot å tru at alt er i boks.
- Dette er første runde. Den neste kjem kanskje raskare enn vi likar, seier han og viser til rulleringa av Nasjonal Transportplan i 2016.
- Men no må vi sjå på alle reknestykka og gå grundig gjennom rappoten, seier han.
Uansett var det god stemning rundt kakebordet der også Hans Eikenæs i Gloppen Næringsorganisasjon var til stades.

Preben Moen, Arvid Gimmestad (f.v.), Hans Eikenæs, Edgar Kvernevik. Knut Roger Nesdal og Erling Sande meiner det blir viktig å gå inn i talmaterialet bak rapporten.