Sindre Hoff på veg mot toppen i fjorårets løp.

Får Norgescup-status

Fjellhug/Vereide IL har fått tildelt Norgescup-status på motbakkeløpet Svinestranda Opp på Sandane. Løpet vert arrangert søndag 25. juni.

Svinestranda Opp har ein løypeprofil som tidlegare har fått svært gode tilbakemeldingar av motbakkeløparar som Jon Tvedt, Øyvind Heiberg Sundby, Eli Anne Dvergsdal og Sindre Hoff.

Løypa er sju kilometer, med høgdeskilnad på ca 1070 meter. Start er i Sandane sentrum.

Svinestranda Opp blir eitt av fem motbakkeløp med Norgescup-status komande sesong.

– For oss som arrangørar er det ei fin fjør i hatten å bli tildelt slik status, og vi vonar det også vil ha noko å seie for påmeldingane, seier leiar i friidrettsgruppa i Fjellhug/Vereide IL, Dagfinn Nyhammer.

Svinestranda Opp 2017 vil også bli siste sjanse for å kvalifisere seg til EM Motbakkeløp 2017, i Kamnik, Slovenia. Dette er også med på å gjere Svinestranda Opp til eit attraktivt løp.

Når motbakkeløpet no får Norgescup-status trur arrangørane dette vil vere med på å dra fleire til arrangementet. Det vil bli eit flott høve til å vere i løypene saman med nasjonalt gode motbakkeløparar.