MULTEK-utvalet gjekk mot tilrådinga og avslo søknaden om frådeling på Strand.

Får ikkje frådele tomt på Strand

MULTEK-utvalet har mot ei røyst vedteke å avslå søknaden om frådeling av ein tomt på eit av gardsbruka ved Bergheimsvatnet på Strand.

Frådelingssaka var litt spesiell ved at rådmannen rådde til søknaden frå eigarane Per Inge Strand, Arvid Strand, Bjarne Strand og Anne Karin Otterstad. Litt spesielt var det og at fylkesmannen ikkje hadde avgjerande negative merknader sjølv om han peika på mogelege drifts- og miljømessige ulemper.

Fritak

Eigarane har hatt eigedomen sidan 2004 og heile tida hatt fritak frå buplikta, men samtidig oppfylt driveplikta gjennom bortleige på ti-årig avtale med to naboar. Søknaden om frådeling av ein 3,3 da stor tomt kom etter at dei fekk avslag på søknaden om varig fritak for bu- og driveplikta.
Rådmannen gjekk inn for å imøtekome søknaden om frådeling av tomten med påståande bygningar til bustadføremål. Han sette som vilkår at restarealet med tilhøyrande rettar vert selt som tilleggsareal til nokon som driv aktivt på naboeigedomane i Gloppen. Han grunngav løyvet med omsynet til vern av arealressursane, og at delinga skal gje ei god driftsmessig løysing.

Brev

Før utvalet handsama saka, vart medlemmene gjorde kjende med eit brev frå Bente Egge Søvde og Jan Arve Søvde som eig nabobruket. Dei meiner det er viktig at Gloppen kommune står ved at det skal vere bu- og driveplikt på garden, og at bruket ikkje vert delt opp. Etter deira meining vil frådeling vere med på å avfolke kommunen.
Dersom kommunen likevel gjev frådelingsløyve og opnar for at naboar med aktiv drift får kjøpe tilleggsareal, hevda dei at større einingar ikkje er nokon garanti for betre forvaltning av jordbruksareal og kulturlandskap.
– Dersom Gloppen kommune meiner det ikkje skal vere fastbuande på Strand, må kanskje vi ta det signalet og, skreiv dei og signaliserte samtidig ønskje om å kjøpe tilleggsareal.

Avslag

I MULTEK-utvalet kom Kent Øystein Hjelle (Sp) med eit alternativt framlegg.
Han ønskte at frådelingssøknaden vart avslått. Grunngjevinga var omsynet til vern av arealressursane og omsynet til fast busetnad.

Framlegget frå Hjelle fekk seks røyster og vart vedteke. Ein representant røysta for framlegget til rådmannen om å imøtekome frådelingssøknaden på visse vilkår.