Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – Alle skal få rikeleg høve til å handle julegåver på Sandane

Butikkgruppa i GN inviterer til langopne butikkar 8. desember, f.v.: Liv Fridtun Charlotte Mundal, Sølvi Utheim og Frode Sørensen.

– Alle skal få rikeleg høve til å handle julegåver på Sandane

– Er du ute etter julestemning, er nattope rette tidspunktet, seier eit knippe næringsdrivande. Om nokon slit med julehandelen, skal det ikkje skuldast opningstidene i butikkane.

Kalenderen lyg ikkje. Juleførebuingane er i full gang, ikkje minst er dei næringsdrivande førebudde på hektiske dagar. Laurdag vart julegatene opna. Det er på ein måte startskotet, men rundt om har nok mange hatt jula i tankane ei god stund.

Tradisjon
På Sandane har butikkane hatt nattope som eit ekstra tilbod til dei handlande i så mange år at vi trygt kan kalle det tradisjon. Slik er det med mykje som har med jula å gjere. Det er ei høgtid det knyter seg mange tradisjonar til.

Sølvi Utheim, Frode Sørensen, Charlotte Mundal og Liv Fridtun er årets nattope-nemnd i butikkgruppa i GN.

– Er du ute etter julestemning, er nattope det rette tidspunktet, seier dei og gleder seg til julehandelen sjølv om det også er hektisk og betyr lange arbeidsdagar. For i tillegg til nattopne butikkar vert det også romslege opningstider elles framover til jul.

– Om nokon slit med julehandelen, skal det ikkje skuldast opningstidene, meiner dei.

Litt ekstra
Butikkane på Sandane har lagt seg litt ekstra i selen for å skape god stemning og litt liv og røre i sentrum den 8. desember. Fleire stader vert det bålpanne der elevar frå Nordfjord folkehøgskule stiller opp med song og litt aktivitet.

– Og så har vi julelotteriet der alle som handlar julegåver for over 100 kroner deltek i trekninga av eit gåvekort på 1000 kroner. Trekninga skjer klokka 22:00.

– I år gjer vi ein ny vri. Dei som handlar dei to siste timane, deltek i eit nytt lotteri der vinsten er eit gåvekort på 3000 kroner, fortel dei.

Begge lotteria er for å stimulere folk til å handle lokalt, for også på Sandane merkast konkurransen frå netthandelen. Dette kjem i tillegg til handelslekkasjen.

Kampanje
Slik er dagens utfordringar større enn tidlegare, men motivasjonen for at Sandane framleis skal vere ein attraktiv og triveleg handelsstad er rikt til stades.

– Du kjem ikkje i julestemning av å gjere julehandelen på nettet, seier dei og peikar på at dersom vi skal ha lokale butikkar med godt utval, må det handlast lokalt.

Derfor har butikkgruppa nyleg starta ein kampanje som skal halde fram også etter julehandelen. Kampanjen heiter #HANDLELOKALT – Eg bryr meg om bygda mi og miljøet.

– Det er ein kampanje for å bevisstgjere folk, seier dei og oppmodar om ta eit bilete når du er på ein butikk, merkje med emneknaggen #handlelokalt og legge det ut på sosiale media.