Janne Haaland Matlary. Pressefoto.

– Evnar ikkje å tenkje strategisk

– Vi er heilt avhengige av USA i NATO, og det er også viktig for oss at EU fungerer. Samstundes må vi gjere meir sjølve med omsyn til forsvar, men vi vil ikkje betale nok for det, seier Janne Haaland Matlary.

Ho er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo, og har i ei årrekkje halde føredrag innan ulike tema. Ekspertområda hennar er sikkerheits- og forsvarspolitikk, menneskerettar og diplomati. Søndag kjem ho til Sandane og Trivselshagen med føredraget «Norge i en risikofylt verden – hva nå?». Arrangementet inngår i serien "Verda og vi" i regi av Gloppen Sogelag.

Stormaktspolitikk

– Eg skal snakke om risiko for Noreg og Europa, med ein analyse av sikkerheitspolitikk, migrasjon og EU sine svakheiter, samt at USA er på sidelinja heilt fram til den nye presidenten blir teken i eid i slutten av januar, seier Janne Haaland Matlary.

Ho er fast spaltist i Aftenposten, Dagens Næringsliv og Fædrelandsvennen, og har ei fortid som statssekretær i Utanriksdepartementet i sentrumsregjeringa 1997–2000. Den gongen representerte ho Kristeleg Folkeparti, frå 2009 til 2013 var ho første vararepresentant til Stortinget for Oslo Høgre.

– Under føredraget kjem eg til å leggje vekt på sikkerheitspolitikk i forhold til Russland, utfordringa frå stormaktspolitikken og viljen til å bruke militærmakt for å nå politiske mål. Eg kjem også inn på terrorisme og problema i Maghreb, nordvest i Afrika. Dette har òg med migrasjon å gjere, seier Haaland Matlary.

– Uhyre spent

Ho meiner Noreg slett ikkje er budd på å møte det endra risikobiletet.

– Nei, vi er like lite budde som vi var det før 22. juli, seier ho og viser til terrorangrepa mot regjeringskvartalet og AUF sin sommarleir på Utøya i 2011.

Ho er heilt klar på at Noreg er heilt avhengig av USA i NATO, at det er viktig at EU fungerer og at vi må gjere meir sjølve i forhold til å ha eit slagkraftig forsvar.

Særleg imponert over norske politikarar sine evner til å ta innover seg trusselbiletet og ruste forsvaret ut frå dette, er ho ikkje.

– Det er altfor liten seriøsitet, og det politikarane er opptekne av, er særinteresser, ofte basar. Men basar er det aller minst viktige. Politikarane evnar ikkje å tenkje strategisk og vil ikkje ta inn over seg alvoret i dagens internasjonale bilete. Akkurat no er til dømes situasjonen mellom Russland og Vesten uhyre spent, seier ho.