Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Erlend og Erlend kjem til Stardalen

Musikar Erlend Apneseth og forfattar Erlend Nødtvedt er på tur med «Rom for ord» – litteraturhus i distriktsformat.

Erlend og Erlend kjem til Stardalen

Korleis skal vi som bur i distrikta bygge vårt litteraturhus? Som mange rom for ord, kring om i byane og bygdene våre.

Komande helg gjestar forfattaren Erlend Nødtvedt fylket med den kritikarroste romanen «Vestlandet». Mykje av handlinga foregår langs dei smale, våte vegane våre. Heile seks slike scener ventar når han og Erlend Apneseth for første gong inviterer publikum til litterær konsert.

Reservasjonslaus hylling
Ein biletkunstnar og ein poet trassar uver, ras og stengte tunnellar på veg nordover frå Bergen med Lærdalsmarknaden som mål for reisa. Ei pilegrimsreise, kallar dei det, men av det svært fuktige slaget. I baksetet i bilen ligg ein svart bag. I den: Ein hovudskalle. Bondehovdingen Anders Ljøsne vart avretta på Nordnes i 1803. No skal han heim til Sogn!

«Vi har her å gjere med ei reservasjonslaus hylling av vestlandet, jo våtare jo betre. Motgang, motstand, motvind, motkultur og motbakkar har herda vestlendingen gjennom tusenåra, og no er tida inne for ei lausriving frå sentralmakta, den instrumentelle oslofornuft og anna elende som kjem austfrå. Denne ideen vert dyrka av den kompromisslause organisasjonen «Vestlandske Frigjeringsfront» og på meir anarkistisk, sjarmerande vis av dei to kompisane vi følgjer gjennom romanen.»

Slik skildrar Martha Norheim, litteraturkritikar i NRK denne lesaropplevinga, og held fram med å slå fast med at romanen er «rein fest og sælebot for ein vestlending».

Litterære møtestader i distrikta
– Erlend Nødtvedt og eg møttes første gong i 2012 i forbindelse med opninga av Litteraturhuset i Bergen der vi blei spurt om å gjere eit program saman. Sidan har vi følgt kvarandre og opptredd saman ved fleire høve. Erlend er ein heilt fantastisk opplesar, det er som å spele med ein musikar! Rytmisk intenst drivande, men samtidig lyttande, open for augneblinken og improvisasjonen. Så har han inspirert meg svært mykje gjennom det han skriv; i alle mine utgjevingar er det direkte eller indirekte referansar til Erlend sine tekstar, fortel Erlend Apneseth

Rom for ord ser etter litterære møtestader i distrikta. Denne gongen har vi leita langs den same ruta som dei reiser, dei to i romanen. I samarbeid med forlag, mållag, grendelag, fotballag og mange andre gode krefter i lokalmiljøa kring om i fylket, kan vi invitere til seks litterære konsertar. I Hornindal, Stardalen, Sogndal, Eikås, Sande i Sunnfjord og til sist, på søndag på Gamle Lærdalsøyri, der det heile starta og skal slutte.