Lammesesongen er starta. For første gong i år har Finn Hauge ikkje vore i seng. Her har han nett fått servert litt morgonmat av kona Astrid.

Er på vakt i sauefjøset 24 timar i døgnet

– Vi både gledar og gruar oss til lamminga startar, seier Astrid Fjellestad Hauge. Ho har nett servert ektemannen Finn frukost i det tidlegare mjølkerommet på garden.

For no er det sauer det handlar om på bruket. For nokre år sidan vart mjølketanken fjerna og mjølkerommet omgjort til kontor. I eine hjørnet står ei seng, og på ”nattbordet” står matboksen med dagens frukost.

Går i eitt

Ei stor kaffikanne høyrer også med. Det gjer godt med ein kaffiskvett mellom lammefødslane. Det er tidleg morgon. Soveposen er knappast brukt. Nett no er det roleg i fjøset og ein pause i lamminga, men fleire nye liv er kome til verda. Lamminga er i gang for fullt, ikkje berre på Hauge, men i heile Gloppen som er ein av kommunane med flest sauer i heile fylket.

For Finn Hauge er det første natta der han ikkje ha vore i hus denne lammesesongen. Det blir mange fleire.

– Vi gru-geldar oss til lamminga. No har vi hatt nokre rolege dagar, men i natt gjekk det i eitt. Så veit vi at denne veka blir tøff før det blir litt rolegare igjen, seier dei.

Sorger og gleder

Med lamminga følgjer det både sorger og gleder. Aller mest det siste, for Finn og Astrid er som andre sauehaldarar; dei gledar seg over kvar einaste vellukka lammefødsel og kosar seg over at sauefjøset blir fylt med nytt liv og eit stadig aukande lydnivå.

Samtidig skjer det at ein og annan fødsel går gale, og liv går tapt. Slik er det kvart år.

– Det var litt tull i starten, men no går det fint, seier Astrid og Finn. Begge er budde på at det blir mykje tid i sauefjøset og lite søvn framover.

– Vi reknar ikkje med å vere ferdige før i mai. Denne sesongen blir litt lenger enn vanleg, men slik vart det i år, seier dei.



Mykje glede

Dei trivst med å vere sauehaldarar. Det følgjer nemleg mykje glede med, heile året.

– Vi gledar oss til lamminga, og til at lamminga er over. Vi gledar oss til å sleppe sauene ut og til å sende dei på fjellbeite. Og så er det kjekt å gå i fjellet og ha tilsyn med dei, og ikkje minst er det kjekt å hente dei heim om hausten. Det er nesten høgdepunktet. Sankinga gledar vi oss så mykje til at vi til og med deltek i sankinga på Fitje, seier Astrid og Finn med eit smil.



Rundt tiande juni, pluss minus ti dagar, blir dyra sende til fjells. Som fleire andre på Nordstranda skjer det i Gjengedalsområdet. Der er det gode beite og store areal. Etter kvart som sauetalet er auka på Nordstranda er det nødvendig å beite andre stader.

Gav seg på topp

Utviklinga har nemleg gått den vegen. Mjølkebruka er blitt færre.

– Vi gav oss då vi fekk sølvtina. Det gjeld å gje seg på topp, spøkjer Finn. Dei hadde ein liten mjølkekvote og bestemte seg for å byggje om og byggje på for å auke sauetalet. Dette året hadde dei 134 lammeklare sauer. Så langt har dei fått 90 lam. Sju har kome med firlingar, og dei veit det vil kome tre firlingar til. Deretter vil snittet gå ned. Ultralydundersøking har gjeve dei full kontroll.

– Det er ein stor fordel. Vi veit kva som ventar og kan planleggje. Særleg er det gunstig når det vert fødd fleire enn tvillingar. Det skjedde seinast i natt, fortel Finn. Ei mor med trillingar ”adopterte” bort eit lam til ei som berre kom med eitt lam.

Stadig fleire

Det enklaste for bonden er to lam, ”piece of cake”, som Finn seier, for sauen har berre to spenar. Men snittet har stadig auka.

– Betre fôring og stell, pluss mangeårig avlsarbeid har gjort dyra meir fruktbare. Det betyr ekstraarbeid for bonden, men er sjølvsagt bra for lønnsemda. Ferskt lammekjøt er paradoksalt nok mangelvare her til lands der det ligg til rette med store utmarksområde fulle av gode beite.



Sauehaldet er levevegen for ekteparet sjølv om Finn køyrer tankbil for Statoil-stasjonen på Sandane.

– Lønsemda i sauehaldet er blitt mykje betre dei siste åra. No er det ein ganske lønsam hobby i alle fall, spøkjer han.

– Vi både gledar og gruar oss til lammesesongen, seier ekteparet. Så langt er det kome 90 lam i fjøset på Hauge.
Det finst også svarte får i sauefjøset. Dette er vesle ”Nurket”.
Så langt er fire lam plasserte i bingen med mjølkefôringsautomaten.