Lauren Turcot frå Canada (t.v.) og Nadezda Kustova har pakka sekken og er klare for skuleårets første fjelltur.

Er klare for eit opplevings-rikt skuleår

*Eit nytt folkehøgskuleår er starta *Har fylt opp alle 138 elevplassane

Nordfjord folkehøgskule har elevar frå nesten alle fylke i Noreg og frå Russland i aust til Canada i vest. – Vi gledar oss til turane, seier Lauren Turcot og Nadezda Kuskova.

Eit nytt skuleår er i startgropa. Elevane har vore på Nordfjord folkehøgskule i knapt ei veke. Onsdag var dei samla på skuleplassen for å gje seg i kast med den årlege tre dagar lange bli-kjent turen.

Internasjonalt
Årets elevar kjem frå heile landet og meir enn det. Skulen har også elevar frå Nederland og Sveits, og frå Russland i aust og Canada i vest. Dei har teke sjansen meir enn dei andre og kasta seg ut i det ukjende.

Nadezda Kustova er 17 år og frå storbyen Moskva der ho bur i høgblokk slik dei fleste moskovittar gjer. Spranget til Vereide er stort, men meir forståeleg når ho på norsk fortel litt om bakgrunnen. Ho har vore elev på ein norsk-russisk vidaregåande skule i Moskva. Der lærte ho norsk. I løpet av skuletida var ho fleire gonger gjesteelev ved Skedsmo vgs.

– I klassen min i Moskva var vi ein vennegjeng på seks jenter. Fem av oss går no på skule i Noreg. Tre av oss på folkehøgskule, seier Nadezda. Gjennom reiselivsmagasin i heimlandet fekk ho lyst til å oppleve naturen i Noreg. Då fall valet på Nordfjord folkehøgskule.

Les meir om skulestarten på Nordfjord folkehøgskule i papiravisa fredag.