Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – Her er det kjekt å vere

Mathias Fossheim (t.v.) og Michael Mettenes deltok i helga på bLAN for første gong.

– Her er det kjekt å vere

– Dette er første gongen min her. Eg har sove litt i natt, kanskje to timar, seier 13-åringen Mathias Fossheim.

Det er laurdag ettermiddag og datapartyet bLAN går snart inn i sitt andre døgn. Nede i Breimshallen sit 140 ungdomar framfor kvar sin dataskjerm og spelar, og spelar, og spelar…

– Eg kom i går ettermiddag og skal vere til søndag morgon. Det er kjekt å spele og vere ilag med vener, seier Mathias Fossheim.

Han fortel at han ikkje spelar så mykje på datamaskina til vanleg, men at han hadde lyst til å få med seg bLAN i år.

– Eg ville vere med for å sjå korleis det er her, seier han og blir støtta av kompisen Michael Mettenes.

Også han er bLAN-debutant, men dei to karane er fast bestemte på at dette ikkje blir første og siste gongen dei deltek på det tradisjonsrike datatreffet i Breim:

– Vi kjem att neste år, seier dei samstemt.

Les meir om bLAN i papirutgåva tysdag.