Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, følgjer med når varaordførar Hege Lothe skrur opp skiltet. T.h. styrar i Breim barnehage, Anette Støyva.

Er blitt Trafikksikker barnehage

Breim barnehage er sertifisert som Trafikksikker barnehage

Som den fjerde barnehagen i fylket er Breim barnehage sertifisert som Trafikksikker barnehage. Onsdag vart det feira med kaker og saft.

Har gode rutinar
– Breim barnehage oppfyller alle kriterium for å bli sertifisert som trafikksikker barnehage, fortel Heggestad. Det betyr at barnehagen har fokusert spesielt på trafikktryggleik.
– Det omfattar å ha eit system for opplæring av borna, at dei tek opp trafikktryggleik med foreldra og syter for gode rutinar når barnehagen er på tur, seier Heggestad.
Å vere sertifisert som Trafikksikker barnehage er ingen garanti mot ulukker, men det dokumenterer heilskapleg og godt trafikktryggingsarbeid.

Borna fekk både refleks og reflksvestar av Trygg Trafikk.