Tom Stian Sunde (18) er tredje generasjon i anleggsbransjen og har allereie fleire år bak seg som maskinkøyrar. Både bestefaren Roald Sunde og faren Stein Arne Sunde har kvar sine firma innan graving og transport.

Entreprenørbygda Jølster blomstrar

Det finst få bygder og kommunar med så mange entreprenørar innan bygg og anlegg som Jølster. I alle høve i forhold til folketalet.

Ikkje berre er det mange bedrifter med mange tilsette, men mange av dei kan også skilte med solide resultat. Dei tener pengar og er stort sett veldig solide.

Entreprenørstripa

Vi har sett nærare på 14 entreprenørfirma, organiserte som akseselskap. Dei driv alle innan bygg og anlegg og, med unnatak av tre, har dei alle adresse Jølster. Dei tre er Åsen & Øvrelid AS, Dvergsdal & Sunde Bygg AS og Dvergsdal & Sunde Betong AS. Desse har alle adresse Førde, men er etablerte av, og er eigde av jølstringar.

Felles for ti av selskapa på lista er at dei er etablerte av og blir drivne av folk oppvaksne på, eller med tilknyting til nokre kilometer lengst aust på sørsida av Jølstravatnet. Frå Myklebust i vest til Sægrov i aust vaks det på 60-, 70- og 80-talet opp nokre karar som var over snittet interesserte i bygg og anlegg, og som etter ei tid som tilsette i små og større selskap, starta for seg sjølve. I dag omset desse selskapa for nesten 600 000 000 kroner.

Les meir i papirutgåva onsdag.