Kvamsfossen med vassføring 11m3s. Foto: Sunnfjord Energi.

Endeleg kom konsesjonen

Sunnfjord Energi har i dag fått konsesjon av Kongen i statsråd for bygging av Jølstra kraftverk i Førde og Jølster kommunar.

Sunnfjord Energi har jobba med prosjektet fast dei siste ti åra, og sende konsesjonssøknad i 2013.

- Vi er glade for at konsesjonen er endeleg avklara, og vi ventar å legge prosjektet fram for investeringsavgjerd for styret før jul, seier administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi i ei pressemelding.

For at kraftverket skal kome med i elsertifikatordninga, har selskapet parallelt med konsesjonshandsaminga jobba med detaljplanar. Selskapet har nyleg invitert kvalifiserte tilbydarar til
å gje inn anbod.

- Prosjektet er kostnadsrekna til om lag 700 millionar kroner, og vi vonar at ein stor del vil ligge att lokalt, seier prosjektleiar Kjell Johnny Kvamme.

Han oppmodar lokale bedrifter om å melde interesse ved å registrere seg på prosjektet sine nettsider.

Dersom kraftverket vert realisert, kan Førde og Jølster kommunar sjå fram til sju-åtte millionar kroner årleg i auka inntekter. Kommunane vil også få tunnelmassane til opparbeiding av industriområde på
Moskog.

Fakta om prosjektet:

* Årsproduksjon 209 GWh.
* Ny energi 176 GWh.
* Prosjektkostnad 704,5 millionar norske kroner.
* Utbyggingspris 3,37 kr/kWh.
* Utb.pris ny energi 4,00 kr/kWh.
* Minstevassføring sommar 12 m³/s.
: Minstevassføring vinter 4 m³/s.
* Min. slukeevne 3,5 m³/s.
* Maks slukeevne 55 m³/s.
* Fall 132 m.
* Tunellar 5,75 km.
* Installert effekt 60 MW.
* Aggregat:2.