Eli Anne Dvergsdal hadde ingen god dag under VM i motbakkeløp . Foto: Kondis.no

Eli Anne vann Noregscupen

Det var i motbakkeløpet Kvasshovden opp i Ulvik at Eli Anne Dvergsdal laurdag tok samanlagtsigeren i årets norgescup.

Ho vart nr 2 i laurdagens løp som talde som NM. Vinnar vart klubbvenninne i Gular, May Britt Buer.

Svima av

Ifølgje nettsida Kondis.no, svima Eli Anne av rett etter målgang, men kom seg fort til hektene att. Til Kondis kunne ho fortelje at ho på slutten av løpet følte seg dårleg og var hoven i hendene. Då ho forsto at ho ikkje kunne ta igjen May Britt Buer roa ho berre ned tempoet. Det var heller ingen som låg rett bak.

-Det har vore eit hardt kjør med 4 lange norgescupløp, i tillegg til forrige helgs EM i motbakkeløp i Slovenia som gjekk i sterk varme, og det har vore mykje reising. Etter at eg kom i mål i dag hugsar eg ikkje noko før eg vakna i eit telt, fortel ho til Kondis.