Eli Anne Dvergsdal og Sindre Hoff leverte begge sterke løp i Svinestranda Opp 2016.

Eli Anne og Sindre imponerte

Eli Anne Dvergsdal og Sindre Hoff imponerte stort då dei deltok i Svinestranda Opp i dag.

Eli Anne Dvergsdal vart noregsmeister i motbakkeløp då ho deltok i Molden Opp i Luster laurdag. Den spreke jølstringen stilte likevel til start i Svinestranda Opp søndag, og var raskaste kvinne til topps. Så raskt gjekk det at ho slo sin eigen løyperekord frå i fjor med rundt 2,5 minutt.

Sindre Hoff leverte også eit superløp, og slo sin gamle rekord med 20-30 sekund. Han vart klokka inn på toppen av Svinestranda på tida 51.10.

Les meir om Svinestranda Opp 2016 i onsdagsavisa.