Eli Anne Dvergsdal. Arkivfoto.

Eli Anne nr. 13

Det gjekk kanskje ikkje heilt som forventa for Eli Anne Dvergsdal då ho i dag vart nr 13 under EM i motbakkeløp i Slovenia.
Karoline Holsen Kyte frå Førde vart nr. fire, halvanna minutt bak pallen. Ho var to minutt føre Eli Anne.

Nøgd likevel
- Eg er ganske fornøgd ut ifrå korleis det siste året har vore. Eg var berre 5 sek bak Rebecca Hilland, så eg er fornøgd med det.
Vi fekk faktisk ein ekstremt dårleg start. Vi vart stilte opp etter tidligare lag-resultat, og vi var bakerst i ein bås med to andre lag.Eg let Karoline stille føre meg i båsen sidan ho har vore best i år. Anita og Karoline hoppa fram og kom inni feltet,mens eg kom bak nokon med ganske låg fart, og det var nedoverbakke første 200m. Så der måtte eg berre bremse nedover heile bakken, fortel Eli Anne.

Avanserte
Etter den første unnabakken plukka Eli Anne ein etter ein.
-Eg hadde veldig god flyt i det bratte partiet frå 2-4km, og Karoline (Holsen Kyte) sa at då såg ho meg like bak. Så kom det et nedoverparti, og når vi starta oppover igjen, var rytmen litt vekke. Men det gjekk likeevel greit fram til mål. Det vart veldig, veldig tungt siste 2km. Eg merka godt at det var 30grader og 90% luftfuktigheit.Eg Trur vi fekk ei lita ulempe med varmen sidan det har vore så kald sommar i Bergen, men alt i alt er eg veldig fornøgd! Og ikkje minst - kjekt å vere tilbake, avsluttar Eli Anne som har vore ute med skade mesteparten av siste året og som har hatt ei trøblete opplading til årets sesong.