Eli Anne Dvergsdal når stadig nye mål og er no klar for EM

Eli Anne er klar for EM i friidrett

Som den første frå Jølster nokon sinne er Eli Anne Dvergsdal klar for friidrettslandslaget og EM i friidrett i Amsterdam. Der skal ho springe halvmaraton på siste dag under meisterskapen. Halvmaraton er nytt av året på EM-programmet

Eli Anne kom inn på rekrutteringslandslaget dette året i lag med klubbkamerat Marius Vedvik frå Førde. Også han skal springe halvmaraton i EM. Dermed har den gamle langdistansekjempa Arne Risa, som trenar dei to i Gular, to elevar på landslaget.

Ikkje på timeplanen

- Eg skulle eigentleg vore på EM i fjellløp den helga, der ville eg truleg hatt medaljesjansar, men så fekk eg eit hint under NM i motbakke forrige helg om at eg var innstilt til EM-uttak. Dette kom litt brått på og var eigentleg ikkje i mine planar og tankar, fortel løpsmaskina som tok NM i motbakkeløp forrige helg, leiar Norgescupen suverent, og er i knallform. I tillegg tok ho NM- gull på 3000 m innandørs i mars.

Har satsa bratt

Eli Anne har satsa mest på motbakke denne sesongen, men stilte på Bergen City maraton i vinter og vann halvmaraton der. Tida var under EM kravet, og no blir det altså tur til Amsterdam for jenta som stadig sprengjer nye grenser. I vinter var ho utteken til å springe 10 000 m under nordisk meisterskap i Danmark og har tidlegare NM-medalje på same distanse.Grunna sjukdom måtte ho stå over løpet i Danmark så halvmaraton i Bergen er såleis ein av to konkurransar på flatmark så langt i år. Den andre var Sentrumsløpet i Oslo der det vart ein andreplass på 10 km.

Meir om Eli Anne i papiravisa måndag