Eit nytt stort løft

Det går slag i slag i Gloppen. Til helga er det klart for eit nytt stort arrangement. Då kan Byrkjelo-alliansen, som er Breimsbygda IL pluss friidrettsgruppene i dei andre idrettslaga i kommunen, ønskje velkomen til junior-NM i friidrett.

Her skal 450 juniorar, dei beste i landet, samlast til fredeleg kappestrid gjennom tre dagar. Arrangørane skal syte for at kring 900 enkeltstartar går på skinner slik at alle kan reise nøgde heim, i alle fall med arrangementet.

Det er med andre ord litt av eit løft dette her. Men det er i dei aller beste hender. Friidrettsfolket i Gloppen har gjennom minst ein mannsalder vist at dette kan dei. Med dugande eldsjeler og mønstring av eit stort og velsmurt apparat, tek dei eit NM-arrangement på strak arm. Dei har gjort det før, både senior- junior- og veteran-NM har vore arrangert på Byrkjelo, og det brukar å gå utan slinger i valsen. Det er vi sikker på det gjer denne gongen også, planlegginga har vore i gang lenge og folk veit kva dei skal gjere.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.