Bærprodusent John Elling Vereide helsar ikkje Arbeidstilsynet si innskjerping av regelen om einerom til sesongarbeidarar velkomen. – Det blir heilt umogleg for store produsentar å gjennomføre noko slikt, då vert det ingen økonomi i det dei driv med, seier han. Arkivfoto.

– Eit idiotisk påfunn

John Elling Vereide er bærprodusent på Nordstranda. Han meiner at kravet Arbeidstilsynet no set om bustadtilhøva for sesongarbeiderar er umogleg å setje ut i livet.



– Det er ein prinsipiell forskjell mellom dei som arbeider på anlegg eller liknande på fast basis, dei fortener sjølvsagt einerom, og sesongarbeiderar som er i landbruket nokre korte sommarveker. For dei produsentane som er avhengige av mange plukkarar, er det så å seie umogleg å innfri dette kravet om einerom for sesongarbeidarane, seier ein oppgjeven John Elling Vereide.

Han fortel at det nye kravet er blitt lagt merkje til av bærbøndene i Gloppen. Det var Sogn Avis som først omtalte saka i tysdagsutgåva.

Huser 20 plukkarar
– Dei fleste arbeidarane som er her i sesongen bur to eller tre på rommet, og det er mange par og vener som deler rom og som har bedd om dette. Nokre få har einerom, men dei fleste deler, fortel Vereide.

Plukkarane han er arbeidsgjevar for er fordelte i rom i tre-fire hus på garden. Dette er rom som står tomme utanom sesongen. John Elling dyrkar både jordbær og bringebær, og er heilt avhengig av innleigd utanlandsk hjelp til å hauste inn. Sesongarbeiderar må innkvarterast.

– Gammal regel
– Dette er ingen ny regel, den har eksistert i ein tiårsperiode, men er blitt handheva ulikt av Arbeidstilsynet sine inspektørar i ulike delar av landet, seier tilsynsleiar Jan Petter Sæbø på Arbeidstilsynet i Førde.

– Regelen er klar, sesongarbeiderar skal ha einerom. Det er nokre få unntak frå regelen. Par kan få dobbeltrom. Sysken eller vener kan innkvarterast to på rommet over ein kortare periode. Det er kva som er ein kortare periode som er blitt tolka på ulikt vis, her har variasjonen vore stor, fortel Sæbø.

No har direktoratet varsla ein gjennomgang av regelverket. Det vil kome klare retningslinjer for kva tid kravet om einerom slår inn.

– Ingen klager
– Dei aller fleste bærbøndene har eit ynske om å behandle arbeiderane på ein god måte, og vi ser at for eksempel sanitærforholda er blitt mykje betre dei seinare åra. Vi har ein god dialog med bøndene. Vi høyrer også frå produsentane at dei ikkje får klager på overnattingsforholda. Det er kanskje ikkje så rart, om ein kjem frå for eksempel Romania, og berre ynskjer å tene mest mogleg på den tida dei er her. Det har nok også vanka billegare husleige for dei som har vore villege til å bu mange på rommet, seier Sæbø.

Kort bringebærsesong
– Vi skulle alltids ha klart å dele opp rom på ulike vis, men dette vil bli langt verre for dei verkeleg store produsentane som har mange plukkarar. Då vil det vere for dyrt å skaffe enkeltrom til alle, meiner John Elling Vereide.

Sjølv er han vertskap for til saman rundt tjue plukkarar kvar sommar, først for å hauste inn jordbær, seinare bringebær. Han nemner spesielt at bringebærprodusentane, som har ein svært kort sesong, vil slite med økonomien i å skulle tilby einerom til alle sesongtilsette. John Elling har så langt ikkje sjølv motteke noko pålegg frå Arbeidstilsynet.

Håpar på politisk stopp
I Gloppen er det rundt tolv bærprodusentar som innkvarterer sesongarbeidarar, dei fleste er små. For dei mellomstore og store bærprodusentane vil eit slikt krav vere kroken på døra for å drive næringsverksemd. Det er svært sjeldan marknad for å leige ut enkeltrom med enkel standard i distrikta.

Jon Elling Vereide er difor glad for at representantar for næringa allereie har kontakta stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) og arbeidsgjevarorganisasjonen NHO Mat og Drikke.

– Eg håpar no at dette kan stoppast politisk og ikkje blir noko av, seier John Elling Vereide.