Home   >   Fylket   >   Eit eventyr av ein opera

Eivind Kandal frå Gloppen har ei av hovudrollene i operaen Sildagapet.

Eit eventyr av ein opera

Sildagapet tek publikum med på ei spennande tidsreise tilbake til Måløy på 1950-talet, då kystbyen formeleg kokte av både sild, fiskarar og arbeidarar frå ulike delar av landet under det store sildefisket.

Og det er dette yrande folkelivet vi får oppleve på scena i Opera Nordfjord denne hausten når «Sildagapet – ein opera om havets sølv» blir framført av dyktige solistar, songarar og musikarar.

Heimelaga i positiv forstand
Tanken er at Sildagapet skal vere ein heimelaga opera i positiv forstand. Her har operasjefen og medspelarane hennar samla lokale krefter og talent både på scena, i orkestergrava og i det kunstnariske teamet. Operaen blir framført på Nordfjord-dialekt, og både librettist og komponist har røtene godt planta i fylket vårt.

Fleire glopparar reiste til Måløy for å vere med på sildeeventyret på 50-talet. På scena møter vi Erling – bonde, sagbrukar og sildekassesnikkar frå Byrkjelo. Vi blir også kjende med dottera Inga, som forelskar seg i den unge fiskaren Håkon frå Silda. Det er tenoren Eivind Kandal frå Gloppen som spelar Håkon på scena – og det gjer han på ein framifrå måte.

– Det er fantastisk å stå på scena i Opera Nordfjord. Rolla passar meg svært godt, seier Eivind Kandal, og legg til at han nyt å vere med på prosjektet.

Imponerande
Sildagapet er Opera Nordfjord sitt andre tingingsverk. I 2010 stod fotballoperaen Noreg-Brasil på plakaten. Operasjefen er stolt over ha klart å dra i land eit nytt unikt prosjekt, og det har ho all grunn til å vere.

Onsdag var det premiere i operaen. Måndag var vi til stades på generalprøva, og då kunne librettist Jostein Avdem Fretland konstatere at Sildagapet var premiereklar. Han tykte det var moro å sjå korleis karakterane han har skapt kjem til liv med flott scenografi og tidsriktige kostymer.

Historia som blir presentert i Sildagapet er enkel – slik operaer gjerne pleier å vere. Her får vi oppleve både kjærleik og sjalusi, fest og alvor. I årets orkester sit ni musikarar frå Gloppen, og dei er begeistra for musikken som Helge Sunde har laga.

– Dette er så gjennomarbeidd, originalt, melodiøst og fint at eg blir berre meir og meir imponert over komponisten, seier rektor ved Gloppen kulturskule, Ann Karin W. Ose.

Vi let oss også imponere – både over musikken og aktørane på scena – og vi håpar mange reiser til Nordfjordeid for å få med seg årets framsyning ved Opera Nordfjord. Det er vel verdt turen.